Ta elsjekken på 1-2-3. Finn ut korleis ein enkel innsats kan avverge det verst tenkjelege.
15. oktober er Elsikkerheitsdagen.

Det lokale eltilsynet (DLE) i Linja gjennomfører tilsyn med private bustader, men for den enkelte bustaden går det i snitt 20 år mellom kvart tilsyn. Mellom tilsyna er det viktig at vi sjølve følgjer med på elsikkerheita heime.
Det er bakgrunnen for Elsikkerheitsdagen 15. oktober. I fjor vart det oppdaga fleire tusen farlige feil i bustader over heile landet. Elsikkerheitsdagen jobbar for å gjere oss meir bevisste på eigen elsikkerheit, og leggje til rette for at fleire tek eit aktivt ansvar sjølv mellom tilsyna.
Du får ein e-post med lenkje til ein enkel eigenkontroll, men du kan også klikke deg rett inn her. Til Elsjekken (ekstern lenke).
Elsjekken tek mellom anna for seg elbil lading, støpsel til varmtvasstank, bruk av skøyteleidningar og testing av jordfeilbrytaren i sikringsskapet.
Mange er ikkje klar over at jordfeilbrytarar og jordfeilautomatar skal testast minst éin gong i året. Ein enkel test kan avdekkje viktige feil. Visste du at dersom jordfeilbrytaren eller jordfeilautomaten ikkje fungerer, vil han heller ikkje gi bustaden den beskyttelsen han skal?
Resultata frå i fjor viser kvifor det kan vere lurt å ta denne sjekken. Det vart gjennomført 53 000 eigenkontrollar, og avdekt 2 521 tilfelle av varmgang – som potensielt kunne ført til brann. I tillegg blei 180 500 jordfeilbrytarar testa.
Eigenkontrollen erstattar ikkje myndigheitskontrollar eller andre nødvendige kontrollar, men er eit supplement som kan bidra til at fleire følgjer med på elsikkerheita mellom tilsyna.
Dei som gjennomfører eigenkontrollen, er med i trekninga av eit gavekort på 25 000 kroner i ein konkurranse i regi av DLE. Les meir og ta Elsjekken på Elsikkerheitsdagen.no.
Sjekken er gjort på 1-2-3. Den inneber nokre få, men viktige sjekkpunkt. Den er enkel og vel verdt å bruke nokre få minutt på.
Nettselskapet Arva i Nord-Norge fikk forrige uke kjennskap til at minst to av selskapets kunder hadde mottatt falske tekstmeldinger fra noen som utga seg for å være fra Arva.
Desember er den mest brannfarlege månaden i året, og i jule- og nyttårshelga er det to til tre gongar fleire bustadbrannar enn elles i året, ifølgje Det lokale Eltilsynet i Linja.