
Har straumen gått? Her har vi samla informasjon om kva du bør gjere.
Opplever du feil i straumforsyninga? Ta alltid kontakt med teknisk kundesenter eller vakttelefonen vår snarast råd. Då kan vi raskt avklare om feilen ligg i straumnettet eller i ditt eige anlegg.
Dersom du opplever straumbrot eller spenningsavvik, bør du kontakte Linja før du bestiller elektrikar dersom det er praktisk mogleg.
Gjeldande prisliste finn du i tariffheftet vårt.
Elektrisk utstyr skal tole både planlagde og uventa ut- og innkoplingar i straumnettet. I enkelte tilfelle kan feil i straumnettet eller andre hendingar føre til spenningsavvik som kan skade elektrisk utstyr.
Dersom du meiner skaden skuldast forhold i straumnettet, kan du ha rett til erstatning etter ei konkret vurdering.
Vi rår deg til å melde skaden til forsikringsselskapet ditt så snart som mogleg.
Forsikringsselskapet har rutinar og kompetanse for å registrere, taksere og vurdere skadar på elektrisk utstyr.
Ei vanleg hus- og innbuforsikring vil ofte kunne gi ei breiare dekning enn det som kan krevjast direkte frå nettselskapet.
Dersom forsikringsselskapet meiner at Linja kan vere ansvarleg for skaden, kan dei fremje eit regresskrav mot oss.
Du kan også kontakte Linja direkte dersom du ønskjer at vi skal vurdere saka.
I mange tilfelle vil forsikringsselskapet inkludere eigenandelen din i eit eventuelt regresskrav mot Linja.
Dersom forsikringsselskapet ikkje gjer dette, kan du sjølv sende inn krav om dekning av eigenandelen. Dersom Linja vert vurdert å vere erstatningsansvarleg for skaden, kan eigenandelen krevjast dekt som del av det dokumenterte økonomiske tapet.
Forsikringsselskapa har ansvar og kompetanse til å vurdere alder, verdi og skadeomfang på elektrisk utstyr.
Ved vurdering av erstatningskrav vil Linja vise til forsikringsbransjen sine etablerte prinsipp for vurdering av alder, verdi og skadeomfang.
Har du spørsmål om feil i straumforsyninga, skade på utstyr eller erstatningssaker, kan du kontakte vårt tekniske kundesenter på telefon 05247 eller e-post kundesenter@linja.no.
Følg denne lista, så skal du få svar:
Sjå på kartet over straumbrot og straumstans i vår region. Her finn du både planlagde utkoplingar og plutselege hendingar
Har naboane straum, og ikkje du? Då kan det tyde på at feilen er hos deg. Viss fleire manglar straum i nabolaget, og det ikkje er registrert i kartet over straumbrot, kan du gå til punkt 8, og ta kontakt med oss. Viss det er straumbrot, og det er registrert i kartet så arbeider våre tilsette med å finne feilen og få straumen tilbake så snart som råd.
Du må sjekke rekninga frå straumleverandøren. Dei fleste betaler både straum og nettleige direkte hos straumleverandøren, men nokre har eigen faktura for nettleige frå Linja. Straumen kan også vere stengt dersom det ikkje er registrert ny kunde ved utflytting. Sjekk våre råd ved flytting.
Dersom du har straum i delar av huset/eigedommen, kan det vere ein lokal feil hos deg. Sjekk punkt 5, 6 og 7.
Sjå om hovudsikringa eller sikringane for kvar kurs er utløyste. Bruk også dei andre sansane. Lukt om noko er brent, eller kjenn og sjå om noko er smelta eller øydelagt. Ta kontakt med godkjend elektrikar.
Har jordfeilbrytaren gått? Eller kjenner du støyt eller kiling frå elektriske apparat? Då kan det vere jordfeil. Det melder du her. Som regel er feilen i eige anlegg, og då må du bestille og betale godkjend elektrikar sjølv.
Elanlegg som er meir enn 20–30 år gamle treng ofte oppgradering. Ta kontakt med godkjend elektrikar.
Ring oss på 05247 for å melde straumbrot eller få svar om feil.
Ved straumbrot over 12 timar får du automatisk pengar tilbake.
Dette skjer automatisk innan 12 veker etter straumbrotet, og du vil sjå på nettleige faktura når det er trekt frå. Fastsette satsar frå Reguleringsmyndigheten for energi (RME) gjeld.
Elektrisk utstyr skal normalt tole både planlagde og ukontrollerte ut- og innkoplingar i straumnettet. Likevel kan feil i nettet føre til spenningsavvik som kan skade utstyr. I slike tilfelle kan du ha rett på kompensasjon eller erstatning.
Slik går du fram ved skade på utstyr
I mange tilfelle vil forsikringsselskapet inkludere din eigenandel i regresskravet som dei sender til oss. Dersom forsikringsselskapet ikkje gjer dette, kan du sjølv sende ein søknad til Linja om å få eigenandelen dekka.
Dersom hendinga vert vurdert å vere Linja sitt ansvar, dekker vi eigenandelen din.
Forsikringsselskapa har ansvar og kompetanse til å vurdere verdi og alder på skada utstyr. Linja følgjer praksisen og retningslinjene som gjeld i forsikringsbransjen.
Vi ønskjer å bidra til at prosessen vert så ryddig og smidig som mogleg for alle partar.
For spørsmål kan du ta kontakt med vårt tekniske kundesenter på telefon 05247 eller e-post til kundesenter@linja.no