Straum til deg.
Kraft til det nye.
Linja fraktar straumen gjennom djupe dalar og over breie fjordar fram til folk og bedrifter. Det har gjort oss til livsnerven for både kvardagsliv og næringsliv frå Askvoll i sør til Ålesund i nord. Linja leverer krafta som legg grunnlaget for den elektriske framtida.

Stadig fleire kundar i Linja sitt område har valt noregspris gjennom 2026. Ved utgangen av oktober hadde 55 148 kundar valt ordninga. No nærmar den første avtaleperioden seg slutten, og alle som ønskjer noregspris i 2027, må bestille på nytt.
Her kan du finne informasjon om aktuelle og/eller planlagde straumstansar.

Kvar dag arbeider vi med infrastrukturen som sørgjer for grøn omstilling.
Vi forsterkar og betrar infrastrukturen i straumnettet. Sjå kva vi arbeider med her.
Unngå brann og ulykker med smart og trygg bruk av straum heime og i yrket ditt.
