Søk
Meld farlege forhold
Mi side
Meny
Straumbrot og tryggleik
Hjelp ved straumbrotStraumbrotskartMeld feil og farlege forholdEltryggleikLinjerydding
Kunde og nettleige
NettleigeFaktura og betalingNorgesprisSmart forbrukRåd ved flyttingStraumstøtteLeveringspliktLinja-appen
Bygge og grave
Arbeid nær kraftlinjeGravemeldingByggestraumFor el-entreprenørarFor installatørarPrekvalifisering
Tilknytte og planlegge
Utbygging og prosjektFor grunneigarNy bustadNettplanleggingTilknyting til nettet
Om oss
Om LinjaBerekraftKarrierePressesenterNyheitsarkivKontakt oss

Meld farlege forhold
Vakttelefon 24/7: 05247

Prekvalifisering

Det er mogleg å førehandskvalifisere seg for å arbeide tett inntil kablar utan at du må vente til at Linja kan møte på staden og avklare. Dette gir entreprenørselskap ein smidigare arbeidsprosess og betre kunnskap om farene ved elektriske anlegg

Bygge og grave
>
Prekvalifisering
Kvifor bli prekvalifisert?
Dersom du er prekvalifisert kan du styre arbeidet nær linja sjølv. Du er ikkje avhengig av at Linja kan møte opp på ønskt tidspunkt, og du aukar tryggleiken gjennom at du får betre kompetanse om elektriske anlegg (HMS).
Korleis blir vi prekvalifisert?
Ta kontakt med oss på driftsleiar@linja.no. Gå gjennom avtale med alle vedlegg, deriblant instruksen de skal arbeide etter. Deretter signerer de avtale. Vi arrangerer eit felles oppstartsmøte med alle hos dykk som skal ha rolla som prekvalifisert. Desse skal også gjennomføre det kurset som Linja vel at skal gejnnomførast. Ansvarleg for avtale i selskap sender over dokumentasjon og personopplysingar til dei som har gjennomført Linja sitt valte kurs og er klare til å fungere som prekvalifisert. Deretter får de tilgang til app for å gjennomføre arbeid og dokumentasjon.
Korleis skal vi ivareta rolla som prekvalifisert?
Dei som skal utføre rolla må gjennomføre kurset Linja vel kvart år. De er plikta til å levere avvik til Linja når uønskte hendingar oppstår, slik vi kan lære av det i fellesskap. I tillegg må de følgje opp andre plikter i avtala.

Prekvalifiserte aktørar

  • Aco
  • Sunnmøre Anlegg
  • OK Entreprenør
  • Aurvoll og Furesund
  • Bjørdal maskin Anlegg
  • Pon avdeling Ålesund
  • Blindheim Maskin og Transport
  • Busengdal
  • Lindset Entreprenør
  • Volda maskin
Gravemelding for deg som ikkje er prekvalifsert

Du må søke gravemelding, og vi må gjennomføre fysisk påvising dersom du ikkje er prekvalifisert. Her er informasjon om våre tenester og rutiner.

Lever gravemelding

Meir informasjon?

Kontakt assisterande driftsleiar Eirik Øren, driftsleiar@linja.no, 97 09 51 27.

Kontakt kundesenter
Vakttelefon 05247 (24/7)
StraumbrotskartNettleigeGravemeldingTilknyting til nettet
Linja AS
post@linja.no,
Org. nr.: 912 631 532
Se alle våre lokasjoner
PersonvernInformasjonskapsler
© 2025 Linja