Søk
Meld farlege forhold
Mi side
Meny
Straumbrot og tryggleik
Hjelp ved straumbrotStraumbrotskartMeld feil og farlege forholdEltryggleikLinjerydding
Kunde og nettleige
NettleigeFaktura og betalingNorgesprisSmart forbrukRåd ved flyttingStraumstøtteLeveringspliktLinja-appen
Bygge og grave
Arbeid nær kraftlinjeGravemeldingByggestraumFor el-entreprenørarFor installatørarPrekvalifisering
Tilknytte og planlegge
Utbygging og prosjektFor grunneigarNy bustadNettplanleggingTilknyting til nettetTilko - slik søker du om tilknyting over 1 MW
Om oss
Om LinjaBerekraftKarrierePressesenterNyheitsarkivKontakt oss

Meld farlege forhold
Vakttelefon 24/7: 05247

Tilko - slik søker du om tilknyting over 1 MW

Linja brukar Tilko, ein nasjonal portal og ein ny standard for større nettilknytingar.

Tilknytte og planlegge
>
Tilko - slik søker du om tilknyting over 1 MW

Linja brukar Tilko, ein nasjonal portal for større nettilknytingar. Her registrerer du kapasitetsbehovet ditt, legg inn dokumentasjon og følgjer saka tid frå første førespurnad til tilknyting. 

Tilko samlar all dialog på tvers av nettbransjen på éin stad – enklare for deg, og meir føreseieleg for alle partar.

Kva er Tilko?

Tilko er ei nasjonal løysing for å handtere tilknytingssaker over 1 MW. Portalen gir deg:

  • Oversikt over informasjonskrava frå nettselskapa
  • Kva du må levere til kva tid
  • Status på saka di, steg for steg
  • All dokumentasjon samla på éin stad 

Kvifor bruke Tilko? 

Tilko gjer prosessen enklare og føreseieleg:

  • Éin digital inngang med full oversikt
  • Tydelege krav som reduserer misforståingar
  • Løpande status på saka di
  • Lik prosess uavhengig av nettselskap
Tilko fra Elbits
Tilko er skreddersydd for den norske tilknytingsprosessen
Søknadsprosess
Brukermanual for kundar

Tre trinn for å kome i gang

  1. Start førespurnad: opprett en førespurnad med lokasjon og effektbehov – kven , kva, kvar og når.  
  2. Last opp dokumentasjon: Følg rettleiinga i portalen for kva som trengs i kvar fase.
  3. Følg saka di: Sjå status, svar på avklaringar og motta avgjerder direkte i Tilko.

Gjeld kun større tilknytingar

Tilko gjeld bare større tilknytingar over 1 MW – typisk:

  • Industri og datasenter
  • Batterilagring og store ladeanlegg
  • Næringsbygg og utviklingsprosjekt med stort straumbehov

Privatkundar, småbedrifter, burettslag og hytter blir ikkje berørt fordi behovet som oftast er langt under 1 MW. 

Fra «køsatt» til «tilknytt» – kort forklart 

  1. Førespurnad i Tilko – vurdering av kapasitet.
  2. Køsatt – Eventuell reservasjon av kapasitet basert på nøytrale kriterium.
  3. Utgreiing – analyse av naudsynt nettløysing
  4. Plan og framdrift – milepælar blir avklara 
  5. Bygging og tilknyting – tiltak blir gjennomført og anleggsbidrag fastsett

Viktig: Dersom prosjektet ikkje har framdrift, kan reservasjonen falle bort. Hald saka oppdatert i Tilko.

Treng du hjelp? Kontakt Sindre Nordang, sindre.nordang@linja.no

Eksterne lenker
Brukarmanual for kundar på Tilko.no

Relevante sider

Kontakt oss
Nettplanlegging
Arbeid nær kraftlinje
Kontakt kundesenter
Vakttelefon 05247 (24/7)
StraumbrotskartNettleigeGravemeldingTilknyting til nettet
Linja AS
post@linja.no,
Org. nr.: 912 631 532
Se alle våre lokasjoner
PersonvernInformasjonskapsler
© 2025 Linja