Byggestraum er ei mellombels løysing for uttak av straum i ein bygge- eller anleggsperiode, eller ved arrangement.
Linja leverer mellombels straum til anleggsarbeid, men du må sjølv sørgje for å gjere avtale og sikre infrastrukturen.Du kontaktar ein autorisert elektroinstallatør, som gjer avtale med oss i Linja. Elektroinstallatøren leiger ut byggestraumskap, eller set deg i kontakt med nokon som leiger ut slike.
Byggestraum skal målast og reknast av. Linja fakturerer tilkopling og fråkopling etter timepris/kostnad og etablerer straumabonnement knytt til byggestraumskapet.