Personopplysingar er opplysningar som kan koplast til deg som person. Det kan vere namn og kontaktopplysingar, men også anna informasjon som kan knytast til deg meir indirekte.
I denne personvernerklæringa gjer vi greie for kva personopplysingar vi er behandlingsansvarlege for.
Linja AS er behandlingsansvarleg for alle personopplysingar der vi bestemmer føremålet med behandlinga.
Dersom du har spørsmål om denne personvernerklæringa eller vurderingane vi har gjort, kan du kontakte oss på kundesenter@linja.no
Personopplysningar og samtykke
Vi behandlar i hovudsak opplysningar om deg i desse tilfella:
· Du er kunde hos oss, og har nettleige gjennom Linja
· Du er grunneigar i eit område der vi har utbygging, linjerydding eller anna infrastruktur
· Du er tilsett hos oss, har søkt arbeid hos oss eller er oppgitt som referanse
· Du har sendt oss ein førespurnad eller meldt inn ein feil
· Du har besøkt heimesida vår, http://www.linja.no
Nokre av våre leverandørar handsamar personopplysningar på Linja sine vegner. Vi har databehandlaravtale med desse i tråd med verksemda si plikt til å overhalde personvernreglementa.
Besøk på våre nettsider
Informasjonskapslar (cookies) er små tekstfiler som blir plassert på datamaskina/telefonen din når du lastar ned ei nettside. Nokre av kapslane trengst for at tenestene på nettsida skal fungere. Vi brukar også ei statistikkløysing slik at vi kan tilpasse og betre informasjonen på nettsida.
Linja AS brukar Google Analytics til å samle inn statistikk om besøkande og deira brukarmønster på nettsidene våre. Google Analytics Demographics gir oss også anonymisert demografidata for besøkande til nettsidene. Google har eigne retningslinjer for personvern, og informasjonen dei mottek, er underlagte Google sine retningslinjer.
Viss du ikkje ønskjer at vi skal lagre informasjonskapslar (cookies) på PC/nettbrett/telefonen din, kan du sjølv endre innstillingane for dette i nettlesaren din. Ver merksam på at mange nettsider ikkje vil fungere optimalt om du gjer dette.
Linja AS brukar verktøy som t.d. Facebook i marknadsføringa av til dømes rekruttering. Verktøy som dette brukar også cookies og sporar besøket på nettsidene våre om du kjem dit frå ei annonse eller ei anna utsending frå marknadsverktøy.
Kundeinformasjon ligg også på brukarkontoen din på «Mi side» på https://www.linja.no, om du registrerer deg der. På «Mi side», kan du endre kontaktinformasjon, bestille varsling ved straumbrot og sjå oversikt over kundeforholdet ditt.
Chatboten eLin
eLin er Linja sin digitale chatbot, tilgjengeleg nede til høgre på nettsida. Chatboten hjelper deg med vanlege spørsmål, til dømes om tilknyting til straumnettet, flytting og eltryggleik.
Kva opplysningar samlar vi inn?
Når du brukar eLin, kan vi behandle desse opplysningane:
Kvifor samlar vi inn opplysningar?
Vi behandlar opplysningane for å:
Behandlingsgrunnlag
Vi behandlar opplysningane fordi det er nødvendig for å levere tenesta du brukar, og/eller basert på Linja AS si berettiga interesse i å drifte, sikre og forbetre tenesta.
Lagringstid
Bruk av leverandørar (databehandlarar)
Nokre leverandørar kan behandle opplysningar på vegner av Linja AS. Vi har databehandlaravtalar som regulerer behandlinga og stiller krav til tryggleik. Vi sel ikkje opplysningar som blir samla inn gjennom eLin.
Overføring til land utanfor EU/EØS
Dersom opplysningar blir behandla eller lagra utanfor EU/EØS, skjer dette i tråd med godkjende overføringsgrunnlag og med eigna tryggingstiltak.
Innsyn
Jf. personopplysningslova §18, har du krav på å sjå kva opplysningar vi har registrert om deg. For å få dette, må du sende ein skriftleg førespurnad til kundesenteret vårt. Viss opplysningane om deg ikkje stemmer, eller er ufullstendige, kan du krevje at desse vert retta opp, jf. personopplysningslova §27.
Jf. personopplysningslova §28, skal opplysningar som ikkje lenger er naudsynte ut frå det formål dei er lagra for, slettast. Linja AS lagrar personopplysningar i forhold til gjeldande lovgiving. Om du avsluttar kundeforholdet ditt på nettleige, kan du krevje å bli sletta frå kundesystemet vårt. Send dette skriftleg til kundesenter@linja.no eller LINJA AS, Langemyra 6, 6160 Hovdebygda.