Kva er Norgespris?

Norgespris er ei ny statleg ordning som gir hushaldningar og fritidsbustader ein fast straumpris. Målet er å giere straumkostnadene til kundane meir føreseielege - og er eit alternativ til ordninga med straumstønad.

Norgesprisen må bestillast og knytast til straummålaren din med ein bindingstid fram til 31. desember 2026. Pris vert 50 øre pr kilowattime (inkl. mva). Det er ikkje bestillingsfrist - du kan bestille Norgespris når tid du ønskjer, og bindingstida vil vare ut året 2026 uansett om du bestiller no eller seinare.

Det er valfritt om du vil inngå avtale om Norgespris eller halde fram med dagens straumstønad.

Kven kan nytte seg av ordninga?

Norgespris gjeld berre straumforbruk i bustader og fritidsbustader som blir brukt av hushaldningar. Næringsverksemd er ikkje omfatta av ordninga.

Hushaldningskundar:
Alle som bur i ein vanleg bustad kan velje Norgespris som alternativ til vanleg straumstøtte. Ordninga gjeld for forbruk opp til 5 000 kWh per månad.

Fritidsbustad:
Fritidsbustader kan få Norgespris for inntil 1000 kWh per månad, noko som kan vere nyttig sidan dei ikkje kan få vanleg straumstønad.

Burettslag og sameige:

Norgespris gjeld også for bustadselskap som burettslag, bustadaksjeselskap, eigarrseksjonssameiger og ikkje-seksjonerte sameiger. Bustadselskap kan inngå avtale om Norgespris for felles forbruk, som straum til varmtvatn, vaskekjellar, oppvarming av fellesområde, garasjeanlegg, heis og lading av elbilar.

Der bebuarane har individuelle målarar, må dei sjølve inngå eigne avtalar om Norgespris. Dersom bygget berre har éin straummålar, kan ikkje bebuarane teikne individuelle avtalar. Då er det styreleiaren i bustadselskapet som inngår avtalen på vegne av alle bustadeiningane.

Bindingstid
Avtalen varer fram til 31. desember 2026, og kan ikkje avsluttast før den tid. Du har likevel 14 dagars avbestillingsrett etter at du har bestilt.

Korleis bestiller eg Norgespris?

Du kan bestille Norgespris digitalt via https://elhub.no frå og med 24. september 2025.

  • Bestiller du innan 1. oktober, får du Norgespris frå oppstart
  • Bestiller du etter dette, trer ordninga i kraft frå den dagen du bestiller.

Elhub er Noregs nasjonale IT-plattform for innsamling og deling av straumdata. Plattforma er eigd av Statnett SF og vert finansiert av alle norske nettselskap og straumleverandørar.

Korleis skil Norgespris seg frå vanleg straumstøtte?

Straumstøtte Norgespris
Pris Støtte ved høg pris Fast pris heile avtaleperioden
Gjelder for Hushaldningsforbruk

Burettslag (fellesanlegg)
Gards- og grendeverk
Hushaldningsforbruk
Fritidsbustader (privatkundar)
Burettslag (fellesanlegg)
Gards- og grendeverk
Krev bestilling? Nei, skjer automatisk Ja, må bestillast aktivt
Bindingstid Ingen Ja, til 31.12.2026
Kompensasjon Delvis støtte over 93,75 øre/kWh Fast pris på 50 øre/kWh (inkl. mva)

Kva betaler eg?

Med Norgespris betalar du ein fast straumpris på 50 øre/kWh (inkl. mva.) for inntil 5000 kWh/månad for hushald eller 1000 kWh/månad for fritidsbustadar. Kompensasjonen vert vist som ei eiga linje på nettleigefakturaen, på same måte som straumstønaden. Dersom spotprisen er høgare enn 50 øre/kWh, får du eit fradrag eller pengar tilbake ved fakturaforfall. Er spotprisen lågare, vert differansen opp til 50 øre/kWh lagt til som ekstra kostnad.

Viktig: Du betalar vanleg nettleige, avgifter til staten og straumrekning til kraftleverandøren din som før. Norgespris justerer berre spotprisen på straum du får frå kraftleverandør, og kjem som ei ekstra linja på nettleige faktura.

Du må framleis ha ein vanleg avtale med kraftleverandør. Det er like viktig som før å velje ein leverandør med lågt påslag, sidan Norgespris berre kompenserer mot spotpris.

Kan eg avbestille?

Ja – du har 14 dagars avbestillingsrett frå du bestiller. Etter det er avtalen bindande fram til utgangen av 2026. Det er ikkje mogleg å seie opp før den tid. Avtalen du inngår vil fylgje eigendomen ved eventuelt eigarskifte.

Lønar det seg?

Det kjem an på fleire ting:

  • Kvar du bur - I Linja sitt nettområde nord for Sognefjorden har spotprisane tidlegare vore lågare enn lenger sør i landet. Men det er ingen garanti for at det vert slik i framtida.
  • Fritidsbustad - Fritidsbustader får ikkje straumstønad. Norgespris kan difor vere eit alternativ for prissikring.
  • Tida på året - Spotprisen er ofte høgast om vinteren. Med Norgespris unngår du høge rekningar i kalde periodar, men du må betale ekstra gjennom ordninga dersom prisane er låge.
  • Prisutvikling - Spotprisane kan variere mykje, og det finst ingen garanti for korleis dei utviklar seg i avtaleperioda. Det vert ferdigstilt ei ny kraftlinje over Sognefjorden 26. september, og det kan påverke prisbiletet framover.
  • Tidspunkt for bestilling - Du kan bestille Norgespris frå oppstart 1. oktober 2025, men du kan også vente og bestille seinare. Vel du Norgespris etter 1. oktober, får du fast pris frå registreringstidspunktet. Avtalar inngått gjeld frå bestillingsdato til 31. desember 2026.

Vi kan diverre ikkje anbefale kva val akkurat du skal ta, men håper å gje god informasjon slik du tek val som passar deg. Dersom på loggar deg inn på Elhub Min side, finn du ein kalkulator som hjelper deg med valet. Om du ikkje har BankId, kan du bruke kalkulator på Forbrukerrådet si side.