Søk
Meld farlege forhold
Mi side
Meny
Straumbrot og tryggleik
Hjelp ved straumbrotStraumbrotskartMeld feil og farlege forholdEltryggleikLinjerydding
Kunde og nettleige
NettleigeFaktura og betalingNorgesprisSmart forbrukRåd ved flyttingStraumstøtteLeveringspliktLinja-appen
Bygge og grave
Arbeid nær kraftlinjeGravemeldingByggestraumFor el-entreprenørarFor installatørarPrekvalifisering
Tilknytte og planlegge
Utbygging og prosjektFor grunneigarNy bustadNettplanleggingTilknyting til nettet
Om oss
Om LinjaBerekraftKarrierePressesenterNyheitsarkivKontakt oss

Meld farlege forhold
Vakttelefon 24/7: 05247

Om Linja

Vi sørgjer for straum til 170 000 innbyggjarar med 12 500 km straumnett frå Askvoll i sør til Ålesund i nord.

Om oss
>
Om Linja

Straum til deg. Kraft til det nye.

Linja er mellom dei største nettselskapa i Noreg, og eit leiande kompetanse- og teknologiselskap som arbeider med elektrifisering av Nordvestlandet. Vi er ein aktiv deltakar og tilretteleggjar for ei meir berekraftig framtid. Saman gir vi kraft til nyskaping og utvikling.

Skru på lyd og sjå Linja-filmen vår
Nettleseren din støtter ikke videoavspilling.

Livsnerven i samfunnet

Linja fraktar straumen gjennom djupe dalar og over breie fjordar fram til folk og bedrifter. Det har gjort oss til livsnerven for både kvardagsliv og næringsliv. Vi byggjer, planlegg og held straumnettet ved like for framtida. Våre tilsette er alltid på jobb, alltid klare og alltid til stades.

Framtida er elektrisk

Som eit av dei største nettselskapa i landet er vi eit sterkt kompetansemiljø som bidreg til grøn omstilling. Linja leverer krafta som legg grunnlaget for den elektriske framtida. Trygg tilgang på rein kraft må til for å nå dei overordna klimamåla. Vi bidreg med kunnskapen – og ikkje minst straumen – som sikrar at framtida er lys.

Samarbeid på Nordvestlandet

Vi er nettselskapet med 100 000 nettkundar frå Jostedalsbreen til Vigra, i Sunnfjord, Nordfjord og på Sunnmøre. Før var vi Mørenett, Tindra og Linja. No er vi berre Linja. Linja har frå 2023 tre eigarar: Tafjord Kraft (33,8 %), SFE (33,3 %) og Tussa Kraft (32,9 %). Dei tre kraftprodusentane nord på Vestlandet veit at vi står sterkare saman.

Som eit lokaleigd selskap er vi tett på lokalsamfunna, og kjenner både folket, næringslivet og landskapet godt. Det gjer at vi raskast og best mogleg kan ordne opp ved straumbrot. Samtidig er vi eit sterkt kompetansemiljø som kan leggje planar, strategiar og samarbeid for å møte energibehovet i bygder og byar på framtida.

300 tilsette mellom Romsdalsfjorden og Sognefjorden

Nettområdet vårt strekk seg frå Romsdalsfjorden på Sunnmøre og ned til Sognefjorden i tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Vi eig og driv det regionale distribusjonsnettet i 27 kommunar, og det lokale i 19 kommunar.

Våre tilsette arbeider i heile området. Hovudkontoret er på Dragsund i Herøy kommune, med administrasjon i Ålesund, Sandane og Florø, og 10 montørbasar fordelt over heile området. Vi er organisert i åtte divisjonar: nettutvikling, teknologi, nettkunde, kraftsystemdrift, nettforvaltning, prosjektering/utføring. Vi har også to stabsavdelingar: organisasjon og økonomi og selskapsstyring.

Vi koplar samfunnet i hop

Våre medarbeidarar i heile området koplar samfunnet saman med å utvikle, bygge ut og ta vare på straumnettet. Kloke hovud som brenn for grøn omstilling og ønskjer å bidra med praktisk og samfunnsnyttig arbeid jobbar i Linja. Vi er alltid nysgjerrige på nye talent, arbeidsjern og ulike slags erfaringar. Hos oss arbeider mange fag i lag for å sørgje for straum til deg og kraft til det nye. Test

Relevante dokument
Linja årsrapport 2024
Nøytralitetsrapport for 2024
Årsapport, rekneskap og revisormelding 2023
Redgjørelse åpenhetsloven 2023
Nøytralitetsrapport 2023
Redegjørelse åpenhetsloven 2024

Relevante sider

Berekraft
Karriere
Nyheitsarkiv
Kontakt kundesenter
Vakttelefon 05247 (24/7)
StraumbrotskartNettleigeGravemeldingTilknyting til nettet
Linja AS
post@linja.no,
Org. nr.: 912 631 532
Se alle våre lokasjoner
PersonvernInformasjonskapsler
© 2025 Linja