Søk
Meld farlege forhold
Mi side
Meny
Straumbrot og tryggleik
Hjelp ved straumbrotStraumbrotskartMeld feil og farlege forholdEltryggleikLinjerydding
Kunde og nettleige
NettleigeFaktura og betalingNorgesprisSmart forbrukRåd ved flyttingStraumstøtteLeveringspliktLinja-appen
Bygge og grave
Arbeid nær kraftlinjeGravemeldingByggestraumFor el-entreprenørarFor installatørarPrekvalifisering
Tilknytte og planlegge
Utbygging og prosjektFor grunneigarNy bustadNettplanleggingTilknyting til nettetTilko - slik søker du om tilknyting over 1 MW
Om oss
Om LinjaBerekraftKarrierePressesenterNyheitsarkivKontakt oss

Meld farlege forhold
Vakttelefon 24/7: 05247

Gjennomførte omfattande investeringar i 2024

Linja investerte for om lag 1 000 millionar kroner og oppnådde eit resultat etter skatt på 177,9 millionar kroner i 2024.

Driftsinntektene vart 1 637,0 millionar kroner i 2024, og driftsresultatet vart 412,3 millionar kroner. Driftsresultatet er 13,1 millionar kroner betre enn i 2023.

Selskapet har ein nettkapital på om lag 6 000 millionar kroner.

- I Linja arbeider vi kvar einaste dag for å auke kapasiteten og fornye straumnettet. Vi skal gi kundane våre den nettkapasiteten dei treng, og ei trygg og god straumforsyning. Samstundes har selskapet som mål å sikre gode resultat og stabilt utbyte til eigarane. Det er eit kontinuerleg arbeid å balansere gode resultat med langsiktig verdiskaping, seier konstituert adm. direktør Atle Isaksen.

Høgare kraftforbruk
Linja har distribusjonsnett frå Askvoll i sør til Ålesund i nord, og om lag 105 000 kundar i distribusjonsnettet. Det siste året har forbruket i distribusjonsnettet auka med 174 GWh. I 2024 vart det levert 2 900 GWh til kundane, mot 2 726 GWh i 2023, ein effekt av den omfattande elektrifisering i området.

Omfattande investeringar
Linja gjennomførte omfattande investeringar i 2024. Linja kjøpte 382 kilometer 132 kV-nett frå Statnett med verknad frå 1. juli 2024. Med det eig no Linja ein stor del av det regionale distribusjonsnettet på Nord-Vestlandet, frå indre Sogn til grensa mot Trøndelag, og styrkar posisjonen som eit av dei store nettselskapa i landet.

Andre vesentlege investeringar er utviding og fornying av Giskemo transformatorstasjon og oppgradering av linja mellom Bryggja og Deknepollen til 132 kV spenningsnivå. I distribusjonsnettet har fleire mindre og mellomstore anlegg blitt ferdigstilte, både i samband med fornying av nettet og til straumforsyning av nye kundar.

Personale
Linja hadde 276 fast tilsette og 20 lærlingar i 2024.

Meir informasjon:
Atle Isaksen, konstituert adm. direktør i Linja AS, tlf. 952 56 457

Sjå årsrapport

Vil du dele denne artikkelen?
Kontakt kundesenter
Vakttelefon 05247 (24/7)
StraumbrotskartNettleigeGravemeldingTilknyting til nettet
Linja AS
post@linja.no,
Org. nr.: 912 631 532
Se alle våre lokasjoner
PersonvernInformasjonskapsler
© 2026 Linja