Desember er den mest brannfarlege månaden i året, og i jule- og nyttårshelga er det to til tre gongar fleire bustadbrannar enn elles i året, ifølgje Det lokale Eltilsynet i Linja.

Meir forbruk av straum, levande lys, stress, matlaging og større alkoholkonsum bidreg til at desember er ein brannutsett månad.
Fem gode
Avdelingsleiar og fagleg ansvarleg for eltilsynet i Linja, Johan Veddegjerde, har lang erfaring innan eltilsyn. Over halvparten av alle bustadbrannar har elektrisk årsak.
Her er dei beste råda hans for ei trygg julefeiring:
1 - Ikkje gå frå komfyren når du lagar mat. Eit betydeleg tal brannar oppstår på grunn av tørrkoking. Vi tilrår også komfyrvakt.
2 - Unngå feil lading. Elektrisk utstyr skal ikkje stå til lading utan tilsyn. Det betyr at du ikkje skal lade mobilen, elsykkelen eller anna elektrisk utstyr om natta.
3 - Gjer ein årleg eigenkontroll. Sjå på elsikkerheitsdagen.no kor enkelt det er å gjennomføre. Du finn òg mykje nyttig informasjon på elsikkerheitsportalen.
4 - Ikkje vask klede om natta eller når du er borte. Apparat som vaskemaskin, oppvaskmaskin og tørketrommel skal berre brukast når du er vaken og til stades.
5 - Ver forsiktig med skøyteleidningar. Dei er berre meint for mellombels bruk. Pass på at du ikkje koplar til utstyr som trekkjer meir straum enn det skøyteleidninga er meint for. Skal du bruke skøyteleidning ute, er det viktig at ho er godkjend for utandørs bruk og ikkje har synlege skadar.
Sikringsskapet
Sjekk òg sikringsskapet for varmgang, test jordfeilbrytaren og kontroller at overspenningsvernet fungerer som det skal. Har du skrusikringar, bør du sjå etter at dei er godt tilskrudde – dei kan løyse seg på grunn av ujamn belastning gjennom året.
Strengt regelverk
Eltilsynet ser dessverre også ein auke i talet på saker der elektriske anlegg er utførte av verksemder eller personell utan faglege kvalifikasjonar. Dette er både ulovleg og kan føre til livsfarlege elektriske anlegg. Ikkje utset deg sjølv for unødig fare – sørg for å bruke eit registrert elektroføretak.
Det lokale eltilsynet (DLE)
Linja er det lokale eltilsynet for store delar av Sunnmøre, Nordfjord og Sunnfjord. Dei skal mellom anna drive utstrekt kontrollverksemd og tilsyn med elsikkerheit, gi råd om trygg bruk av elektrisk utstyr, kontrollere installatørar, samarbeide med andre etatar, bistå politiet ved brann og informere om elsikkerheit både i skulen og i samfunnet elles. Så langt i år har dei bistått politiet i 22 brannar.
Du kan kontakte DLE på dle@linja.no eller ved å ringe 05247.