Frå 1. januar 2026 får du lågare nettleige. I tillegg til redusert nettleige blir også forbruksavgifta til staten senka. Sjå kva det kan utgjere for deg.

Frå 1. januar 2026 reduserer Linja nettleiga. Regjeringa kuttar i forbruksavgifta for alle. For ei vanleg hushaldning i sør betyr det opp til 24 % reduksjon inkludert avgiftskutt, medan kundar i nord får stabil nettleige – men likevel merkbar nedgang grunna avgiftskuttet.
Kundar frå nord for Nordfjord og til Vigra får uendra nettleige.
Bakgrunnen for at endringa er ulik for nordlege og sørlege delar av Linja sitt nettområde er fusjonen mellom Linja og Mørenett i 2023. Då hadde selskapa ulikt prisnivå – noko som skulle justerast over tid og til slutt hamne på likt nivå.
I tillegg til senka nettleiga, har regjeringa bestemt at forbruksavgifta skal reduserast til 8,91 øre/kWh i 2026. Tidlegare har den vore opp mot 21 øre/kWh. Allereie frå 1. oktober 2025 vart avgifta redusert til 15,6 øre. No blir den enda lågare. Det gir ein reduksjon på om lag 1 700 kroner per år for ei vanleg hushaldning.
Med nettleigereduksjon og avgiftskutt sparer du opp til 3 700 kroner per år (ved 20 000kWh).
Døme:
Straumforbruk per år kan gi følgjande reduksjon i kostnader:
25 000 kWh -> 4 500 kr/år
20 000 kWh -> 3 700 kr/år
14 000 kWh -> 2 300 kr/år
Nettleiga held seg stabil, men avgiftskuttet gir om lag 1 700 kroner spart per år.
Nettleiga er det du betaler for å bruke straumnettet som fraktar straumen heim til deg. Den består av:
• Kapasitetsledd: Eit fast månadsbeløp basert på kor mykje straum du brukar samtidig
• Energiledd: Pris på kor mykje straum du brukar totalt sett
• Statlege avgifter: Om lag ein tredjedel av nettleiga går til statlege formål gjennom avgifter
2025 har medført høge inntekter for Statnett. Desse inntektene oppstår ved utveksling av kraft mellom prisområder og kjem kundane til gode gjennom lågare nettleige. Les meir om dette på Statnett.no
Store investeringar i straumnettet er naudsynt i heile Noreg for å sikre kapasitet og leveringstryggleik. Det vil medføre auka investeringskostnader for alle nettselskap i heile landet. Det er mellom anna i lys av dette at regjeringa har bestemt at forbruksavgifta skal blir redusert, slik at framtidig auke i nettleiga blir lettare å bere for kundane.
Kjære kunde!
Har du lasta ned vår nye app? Med den kan du følgje med på prisar og straumforbruket ditt på mobilen – enkelt og oversiktleg!
Er du forberedt dersom straumen går?