Er du forberedt dersom straumen går?

Vi leve i ei tid med forverra tryggleikspolitisk situasjon i Europa, aukande ekstremvêr og eit samfunn som er stadig meir avhengig av straum og mobilnett. I tilleg har vi grunnleggande behov for mat og vatn. Det er viktigare enn nokon gong å vere forberedt på kriser. Som straumnettsselskap ønskjer vi å bidra med råd og informasjon om korleis du kan sikre dei mest grunnleggjande behova dersom straumen går.
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) tilrår at alle husstandar bør kunne klare seg sjølve i minst éi veke ved kriser. Dette gir naudetatar og kommunar høve til å prioritere dei som treng mest hjelp. Eigenberedskap handlar om å vere rusta til å dekke behov for varme, lys, drikke, mat, legemiddel, førstehjelp, hygiene og informasjon.
I mange bustader er straum den einaste varmekjelda. Ved straumbrot om vinteren kan det fort bli kaldt og mørkt inne. Du bør derfor ha:
Har du alternativ oppvarming og kjenner nokon som ikkje har det? Vurder om du kan tilby dei å kome til deg ved ei krise. Har du ikkje sjølv alternativ oppvarming – avtal med familie eller vener om du kan vere hos dei ved langvarig straumbrot.
Lagre minst 20 liter drikkevatn per person. Vatn kan lagrast i reingjorde flasker på ein mørk og kjøleg stad. Ha matvarer med lang haldbarheit som kan lagrast i romtemperatur og tilberedast utan straum – til dømes på stormkjøkken eller gassbluss.
Sørg for å ha nødvendige medisiner, førstehjelpsutstyr og hygieneartiklar som våtserviettar, antibac og toalettpapir. God hygiene er viktig, særleg dersom vatnet forsvinn.
Ved kriser er det viktig å ha tilgang til offisiell informasjon. Følg med på:
Dersom du opplever straumbrot som ikkje er markert på kartet – ta kontakt med oss. Du kan ringe, sende e-post, chatte eller bruke kontaktskjemaet på nettsida vår.
Dersom du opplever straumbrot der du bur, er det viktig å gjere nokre enkle sjekkpunkt før du tek kontakt:
Eigenberedskap handlar også om fellesskap. Har du ein beredskapsvenn? Snakk med naboar, familie og vener om korleis de kan hjelpe kvarandre. Del på utstyr, mat og praktiske oppgåver. Samarbeid gjer oss sterkare i møte med kriser. Og hugs; litt forberedt er betre enn heilt uforberedt!
Bygg opp eigenberedskapen gradvis. Start med det viktigaste – vatn, varme og lys – og utvid etter kvart. Eigenberedskap er ei investering i tryggleik for deg og dine næraste.
Som nettselskap har vi eit særleg fokus på krise ved straumbrot, men det finst mange fleire råd og tips om korleis du kan forberede deg på ulike krisesituasjonar. På nettsida til Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) finn du ei oversikt over kva du bør ha i hus, korleis du kan lage ein beredskapsplan, og korleis du kan hjelpe andre. Besøk dsb.no/sikkerhverdag/egenberedskap for å lese meir.
Kjære kunde!
Har du lasta ned vår nye app? Med den kan du følgje med på prisar og straumforbruket ditt på mobilen – enkelt og oversiktleg!
Tirsdag 15. oktober arrangerer Linja Elsikkerhetsdag. Alle nettkunder blir invitert til å gjennomføre en enkel digital egenkontroll av det elektriske anlegget sitt, og Linja vil trekke en heldig vinner av en Hotell weekend blant de som deltar.