Søk
Meld farlege forhold
Mi side
Meny
Straumbrot og tryggleik
Hjelp ved straumbrotStraumbrotskartMeld feil og farlege forholdEltryggleikLinjerydding
Kunde og nettleige
NettleigeFaktura og betalingNorgesprisSmart forbrukRåd ved flyttingStraumstøtteLeveringspliktLinja-appen
Bygge og grave
Arbeid nær kraftlinjeGravemeldingByggestraumFor el-entreprenørarFor installatørarPrekvalifisering
Tilknytte og planlegge
Utbygging og prosjektFor grunneigarNy bustadNettplanleggingTilknyting til nettet
Om oss
Om LinjaBerekraftKarrierePressesenterNyheitsarkivKontakt oss

Meld farlege forhold
Vakttelefon 24/7: 05247

Spørsmål og svar om Linja-appen

Lurer du på korleis du ser straumstøtte, spotpris eller nettleige? Her finn du svar på dei vanlegaste spørsmåla om Linja-appen – og korleis du kjem i gang.

Kunde og nettleige
>
Spørsmål og svar om Linja-appen

Pålogging?

For å bruke appen må du ha eit aktivt kundeforhold hos Linja.
Du har to alternativ for innlogging:

  • Med BankID
    1. Vel “Logg inn med BankID”.
    2. Følg instruksjonane i BankID-appen, på kodebrikke eller i nettlesaren.
  • Med SMS-kode
    1. Vel “Logg inn med mobilnummer”.
    2. Skriv inn telefonnummeret ditt.
    3. Du får tilsendt ein engangskode på SMS.
    4, Tast inn koden for å fullføre innlogging.

Kor finn eg straumstøtta?

Du ser straumstøtta direkte på framsida i appen.
Her får du oversikt over støtta du har fått trekt frå nettleiga di.

Straumstøtta stemmer ikkje med beløpet eg har fått?

Straumstøtta blir trekt frå nettleiga før fakturaen blir sendt.
Du finn ein oversikt over dette i appen under Faktura.

Kor finn eg spotprisen?

Du finn spotprisen rett på framsida i appen. Her får du oversikt over både dagens og morgondagens straumprisar – slik at du enkelt kan planleggje forbruket ditt smartare.

Korleis kan eg laste ned appen?

Appen er tilgjengeleg i både App Store (iPhone) og Google Play (Android). Søk etter “Linja” og last ned appen gratis.

Korleis ser eg mitt totale straumforbruk?

Du finn totalforbruket ditt under "Forbruk"-delen i appen. Her kan du sjå forbruket fordelt på dag, måned og år. Trykk på ønsket periode for fleire detaljar.

Kva er døgnmaks og månadsmaks, og kor finn eg desse?

Timen med høgast forbruk for ein dag blir kalla døgnmaks, medan månadsmaks er gjennomsnittet av månadens tre høgaste timesforbruk. Begge finn du ved å trykke på "Berekna månadsmaks" på framsida, saman med ein graf som gir oversikt. Du kan også finne døgnmaksar under «Forbruk».

Kor finn eg mine fakturaer?

Du finn alle dine fakturaer under “Faktura” i menyen. Her kan du opne, laste ned PDF og sjå detaljar om tidlegare og ubetalte fakturaer.

Eg har spørsmål om ein faktura – kven kan eg kontakte?

Du kan finne kontaktinformasjon under “Hjelp” i menyen. Her kan du sende melding direkte til kundesenteret vårt under «Send ein melding til kundeservice».

Kontakt kundesenter
Vakttelefon 05247 (24/7)
StraumbrotskartNettleigeGravemeldingTilknyting til nettet
Linja AS
post@linja.no,
Org. nr.: 912 631 532
Se alle våre lokasjoner
PersonvernInformasjonskapsler
© 2025 Linja