Tussa Energi har beslutta ei større utviding av dagens kraftstasjon på Bjørke.
Denne utbygginga krev auka kapasitet på overføringsanlegget frå Bjørke mot regionalnettet på Søre Sunnmøre, som i dag består av to stk parallelle 66 kV linjer frå Bjørke til Haugen transformatorstasjon.
For å ivareta nytt overføringsbehov planlegg vi difor etablering av ein ny 132/22kV transformatorstasjon på Bjørke , saman med ei ny 132kV linje frå Bjørke fram til Ørsta transformatorstasjon.
Den nye linja vil i stor grad fylgje traséen til dagens to 66kV linjer, og vil gjere at desse kan sanerast når ny linje er i drift.
Linjetraséen går gjennom terreng som er svært utsett for skred, det er difor avgjerande å gjere gode skredfaglige vurderinger i dette prosjektet.
Status og framdrift
2025: Det vart halde informasjonsmøter for alle grunneigarar 3 september i Bondalen grendehus og 4 september på Haukly ungdomshus på Bjørke. Presentasjoner frå desse møtene ligg tilgjengeleg under. Linja ba om at eventuelle tilbakemeldinger vart gitt oss innan 19 september.
Vi mottok mange innspel frå ulike interessentar, og takker for desse. Vi har vurdert frå vår side korleis vi ser på moglegheita for å implementere innspela i vårt videre konsesjonsarbeid, sett i lys av andre omsyn vi må ta. Ei oppsummering av dette arbeidet ligg tilgjengeleg under.
2026: Linja sender søknad om konsesjon til NVE i løpet av februar 2026.
Konsesjonssøknaden vil vidare kome på høyring frå NVE, der vil det på ny vere råd å kome med innspel og betraktningar før NVE starter si sakshandsaming.
Skjema for å registerere kontaktinformasjon for å motta informasjon om prosjektet
Klikk her for digitalt kart med traséer
