Søk
Meld farlege forhold
Mi side
Meny
Straumbrot og tryggleik
Hjelp ved straumbrotStraumbrotskartMeld feil og farlege forholdEltryggleikLinjerydding
Kunde og nettleige
NettleigeFaktura og betalingNorgesprisSmart forbrukRåd ved flyttingStraumstøtteLeveringspliktLinja-appen
Bygge og grave
Arbeid nær kraftlinjeGravemeldingByggestraumFor el-entreprenørarFor installatørarPrekvalifisering
Tilknytte og planlegge
Utbygging og prosjektFor grunneigarNy bustadNettplanleggingTilknyting til nettetTilko - slik søker du om tilknyting over 1 MW
Om oss
Om LinjaBerekraftKarrierePressesenterNyheitsarkivKontakt oss

Meld farlege forhold
Vakttelefon 24/7: 05247

Vi harmoniserer pris og metodikk for reaktivt uttak

Linja innfører ny og harmonisert tariff for reaktiv effekt gjeldande frå 1. januar 2026. Endringa skal sikre rettferdig kostnadsfordeling og gje betre insentiv for effektiv bruk av kraftnettet. Tariffen gjeld berre kundar med årsforbruk over 100.000 kWh

Bakgrunn og behov for endring

Reaktiv energi belastar straumnettet utan å gjere direkte arbeid i anlegget, som å drive lys eller maskiner. Sjølv om det ikkje påverkar energiforbruket ditt direkte, fører det til meir tap og mindre ledig kapasitet i nettet. For å fordele kostnadar rettferdig og oppmuntre til lågare reaktivt uttak, endrar vi frå nyttår måten vi reknar ut kostnaden på og innfører tariffen likt i heile nettet vårt.

Kva går endringa ut på

Frå 1. januar 2026 blir det innført ei grense: du kan bruke reaktiv effekt tilsvarande inntil 33 % av aktiv effekt i den timen med høgast forbruk kvar månad – utan ekstra kostnad. Går uttaket over denne grensa, vert berre det overskridande uttaket avrekna, ikkje heile mengda.

Kva betyr dette for deg

Dei fleste kundane våre som har reaktiv tariff i dag, har eit reaktivt uttak som ligg under grensa på 33 %. Desse vil ikkje få ekstra kostnad. Dersom uttaket ditt går over grensa i ein månad, vil du berre bli fakturert for det som overstig grensa. Endringa gjeld ikkje hushaldskundar eller andre med lågt forbruk.

Laste gjerne ned vår steg-for-steg-rettleiar for sjekk av eigne anlegg her.

Vil du dele denne artikkelen?
Kontakt kundesenter
Vakttelefon 05247 (24/7)
StraumbrotskartNettleigeGravemeldingTilknyting til nettet
Linja AS
post@linja.no,
Org. nr.: 912 631 532
Se alle våre lokasjoner
PersonvernInformasjonskapsler
© 2026 Linja