Kvart år inspiserer Linja straumnettet for å avdekke behov for vedlikehald og reparasjonar.

Årleg inspeksjon
Vi nyttar ulike metodar for å sjå over linjenettet, mellom anna drone og synfaring frå bakken. Denne gongen bruker vi helikopter for å kartleggje tilstanden på straumnettet og vegetasjonen nær linjene.
Gjennomføring
Synfaringa omfattar inspeksjon av høgspentnettet (distribusjons- og regionalnett) i heile Linja sitt nettområde, frå Askvoll i sør til Vigra i nord.
Arbeidet startar måndag 2. mars og vil pågå i om lag to veker.
Helikopteret vil fly måndag til søndag mellom kl. 09:00 og fram til det blir mørkt. Av omsyn til tryggleik og vêrforhold kan tidsplanane endre seg noko.
Det vil bli flydd lågt, ned mot om lag 40 meter over bakken. Nokre stader vil vi også fly nær infrastruktur og bustadområde.
Varsling og omsyn
Vi varslar om synfaringa på Linja si nettside og i sosiale medium, i tillegg til at vi tek direkte kontakt med Norges Bondelag.
Vi prøver å ta omsyn til dyr og fugleliv, og gjer difor synfaringane så tidleg som mogleg på våren. Dersom vi likevel observerer beitedyr i området, avbryt vi flyginga og kjem eventuelt tilbake for synfaring frå bakken.
Dersom det er behov for å varsle spesielt om beitedyr, kan du sende e‑post til befaring@helikopterservice.no.
Har du andre spørsmål, kontakt gjerne Linja sitt kundesenter på telefon 05247 eller e‑post kundesenter@linja.no.