Synfaring med helikopter

Synfaringa gjeld inspeksjon av høgspentnettet (distribusjon- og regionalnett) i delar av Linja sitt nettområde. Synfaringa var planlagt å starte opp 3. juni, men er utsett av tekniske årsaker. Informasjonen blir oppdatert når ny dato er klar.

Flyginga vil føregå i tidsommet 9:00 - 19:00, måndag til søndag. Områda som skal synfarast er i kommunane:

  • Bremanger
  • Stad
  • Gloppen
  • Stryn
  • Sunnfjord

Helikopteret vil fly lågt, ned mot 50 meter over bakken. Nokre områder vil ein fly nær infrastruktur og bustadområder.


Årleg inspeksjon

Dette er ein del av den årlege inspeksjonen Linja gjer. Linja nyttar forskjellige måtar for å inspisere linjenettet, mellom anna drone og synfaring frå bakken. Denne gongen nyttar vi helikopter for å kartlegge tilstanden til straumnettet og vegetasjon nær linjene.


Varsling og omsyn

Det blir varsla om synfaringa i lokalaviser, på Linja si nettside og sosiale medier. Vi tar omsyn til dyr og fugleliv. Dersom vi observerer dyr i området vi skal fly, vil ein avbryte og heller kome tilbake og synfare frå bakken. Av omsyn til sikkerheit og vêrforhold kan planane endre seg. I so fall vil informasjon på linja.no bli oppdatert.


Arbeidet blir utført av Helitrans.


Har du spørsmål, kontakt Linja sitt kundesenter på telefon 05247 eller e-post kundesenter@linja.no