Snø i Linja sitt nettområde

Den siste veka har store delar av Linja sitt nettområde opplevd kraftige snøfall. Store mengder våt snø legg seg tungt på tre og leidningar, noko som kan føre til lågt hengande leidningar eller tre som har knekt og kome i kontakt med straumnettet.

Det verste snøfallet er over for denne gong, men vi vil likevel minne alle om at leidningar som ligg på bakken framleis kan vere straumførande.

Å røre ved slike leidningar kan medføre livsfare. Det er derfor særs viktig å halde trygg avstand og å varsle oss dersom du ser skade på straumnettet.

Har du observert eit tre som ligg over ei leidning, ei øydelagd mast eller leidningar som heng lågt? Meld frå til oss via nettsida vår

Vi takkar for at de hjelper oss å sikre straumnettet og tryggleiken til alle som ferdast i området.