Helge Robert Midtbø er ny administrerande direktør i Linja. Han tiltrer i stillinga 1. februar 2026.

Midtbø er opphaveleg frå Svelgen og bur i Førde. Han er utdanna elektroingeniør og har brei erfaring frå energibransjen, industri og offentleg sektor. Karrieren starta ved Driftssentralen i Buskerud Energiverk, og han har seinare hatt ulike stillingar i Siemens innan energi, offshore, skip og industri, med base i Oslo og Bergen.
I 1997 flytta han tilbake til Sogn og Fjordane der han leia Siemens sine aktivitetar i fylket og var installatør i selskapet.
Frå 2008 til 2014 var han nettsjef i Sunnfjord Energi, før han gjekk over til Helse Førde som direktør for kirurgisk klinikk. Dei siste åra har han vore direktør for drift og eigedom i Helse Førde, ei stilling han framleis har.
Midtbø har vore politisk aktiv for Arbeidarpartiet sidan 2011, og har hatt verv både i Førde og Sunnfjord kommune. Han er i dag varaordførar i Sunnfjord, men vil tre ut av politikken i samband med jobbovergangen. – Eg er svært motivert på å gå inn i denne rolla og bruke mykje tid på å reise rundt og bli kjent med folka og organisasjonen. Då øskjer eg å ha fullt fokus på det nye eg går inn i, seier Midtbø.
Han ser fram til å vende tilbake til energibransjen: - Dette er ein viktig bransje i den omstillinga samfunnet står i, særlig i lys av det grønne skiftet, økt elektrifisering og digitalisering. Nettkapasitet er i ferd med å bli en knapp ressurs, og det er behov for både forsterkning og nybygging av nettet. Linja spelar ei nøkkelrolle i utviklinga av næringslivet i regionen, og det blir avgjerande å sikre tilstrekkeleg nettkapasitet for framtidige næringsetablering.
Midtbø omtalar seg sjølv som ein inkluderande leiar. – Eg likar å lytte og å bruke kompetansen i organisasjonen til å ta gode avgjerder. Eg ser fram til å reise rundt i området, møte folk og bli godt kjent med geografien og dei lokale forholda.
Han er gift og har tre vaksne born. På fritida engasjerer han seg i idrett og frivillig arbeid, mellom anna i volleyball i Førde. Han har hytte i Bremanger og finn ro med fiskestanga på kaia i Iglandsvik.
For ytterlegare informasjon, kontakt: styreleiar i Linja, Erik Espeset 905 20 033
