Montørar bistår på Austlandet etter "Amy"

Linja har denne veka sendt eit team med fem erfarne montørar og ein lærling over fjellet til Austlandet for å bistå nettselskapet Lede, som framleis har mange kundar utan straum etter herjingane frå ekstremvêret «Amy».

Torsdag 9. oktober var det registrert om lag 1000 kundar utan straum i Vestfold og Telemark, fordelt på 108 forskjellige straumbrot. – Vi har en avtale om å hjelpe hverandre gjensidig, og denne gangen er det vi som trenger den økte kapasiteten. Vi setter veldig stor pris på at de kommer, seier kommunikasjonsansvarlig i Lede, Julie Anda Hovland.

Montørane frå Linja – Tieme Eisma, Henrik Blomvik, Even Bjåstad, Nicolai Flo Vollan, Mathias Holmen, Sander Bjørge (lærling) – er venta å vere i arbeid for Lede frå torsdag morgon og heilt fram til tysdag neste veke. Dei har med seg både utstyr og pågangsmot, og vil jobbe tett med montørar frå Telemark Nett og RK Nett, som også bidreg med forsterkningar.

– Vi syns det er kjekt, og ein blir jo litt stolt av å få bidra med kompetanse og kapasitet når det trengst, seier arbeidsleiar Henrik Blomvik. – Vi har avtale med fleire nettselskap om å hjelpe kvarandre dersom det er behov og kapasitet, og vi er glade for å kunne hjelpe Lede. Montørane våre er godt førebudde og klare til innsats for å hjelpe kundar tilbake til ein normal kvardag, seier Peter Kirkebø som er beredskapsleiar.

Straumlause Linja kundar

«Amy» herja godt med straumnettet i vest også. – Vi hadde også mange kundar utan straum, spesielt natt til 4. oktober. Det var mykje trefall, og feila som oppstod var spreidd utover store delar av Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Det var fysisk tungt arbeid i krevjande terreng. Det står framleis igjen ein del arbeid med reparasjonar. Men mandag morgon hadde dei aller fleste fått straumen tilbake. Vi har halde att montørressursar for arbeidet som står igjen, og vi kan trygt sende hjelpen som Lede treng, seier Kirkebø.

Linja montørar jobbar for Lede
Linja montørar jobbar for Lede
Henrik Blomvik
Henrik Blomvik
Tieme Eisma ryddar skog
Tieme Eisma ryddar skog