Søk
Meld farlege forhold
Mi side
Meny
Straumbrot og tryggleik
Hjelp ved straumbrotStraumbrotskartMeld feil og farlege forholdEltryggleikLinjerydding
Kunde og nettleige
NettleigeFaktura og betalingNorgesprisSmart forbrukRåd ved flyttingStraumstøtteLeveringspliktLinja-appen
Bygge og grave
Arbeid nær kraftlinjeGravemeldingByggestraumFor el-entreprenørarFor installatørarPrekvalifisering
Tilknytte og planlegge
Utbygging og prosjektFor grunneigarNy bustadNettplanleggingTilknyting til nettetTilko - slik søker du om tilknyting over 1 MW
Om oss
Om LinjaBerekraftKarrierePressesenterNyheitsarkivKontakt oss

Meld farlege forhold
Vakttelefon 24/7: 05247

Framtida treng kunnskapen din – søk jobb i Linja

Vi byggjer og driv straumnettet mellom fjordar og fjell på Vestlandet, frå Sunnfjord i sør til Sunnmøre i nord. Det gjer det mogleg å bu, arbeide og drive eit nyskapande næringsliv her.

Linja treng fleire folk i 2025. Hos oss du bruke alt du kan til noko større. Vi treng både deg som kan bruke erfaringa di til noko nytt og berekraftig, og deg som vil ha ein elektrisk start på karrieren.

Vi driv hovudpulsåra i heile regionen. Gjennom straumnettet blir kvardagslivet og næringslivet fylt med energi til heimar, fritid, arbeid og nyskaping.

I vinter lyser vi ut fleire spennande stillingar for deg som vil bidra til å utvikle straumnettet for framtida.

Kvifor velje Linja?

Hos Linja får du moglegheita til å jobbe med eit av dei viktigaste samfunnsoppdraga i vår tid – å sikre straumforsyning og drive den grøne omstillinga framover.

  • Berekraft og utvikling: Arbeidet ditt bidreg direkte til grønare og meir berekraftig infrastruktur.
  • Fleksibel arbeidskvardag: Mange av stillingane våre har valfri oppmøtestad. Det gjer det mogleg å bu både nær naturen eller i ein by – mellom Sunnfjord og Sunnmøre.
  • Trygg og stabil arbeidsplass: Straumnettet treng alltid utvikling, og det gjer at vi alltid har behov for dyktige fagfolk.

Stillingar som kjem

Vil du bruke det du kan om berekraft i ein stor organisasjon?

Linja er grønt og berekraftig, og skal bli endå grønare. Vi søkjer ny Controller berekraft. Du får ei nøkkelrolle i arbeidet med berekraftsrapportering i Linja. Er du god på å samle inn og presentere data? Hos oss får du samarbeide med mange dyktige fagfolk om å vise korleis vi arbeider med berekraft, og kva vi må gjere for å bli endå betre.

Kom og bli ein del av eit sterkt ingeniørmiljø

Vi er eit stort fagmiljø for ingeniørar og sivilingeniørar som kan elkraft, automasjon og IKT. Som ingeniør/sivilingeniør, vern og kontrollanlegg hos oss får du drive og vedlikehalde vern og kontrollanlegg i heile regionen. Du får bruke det du kan om testing, feilsøking, feilretting, og har høve til å vere med i små og større utviklingsprosjekt.

Kan du sørgje for at informasjonen i straumnettet er trygt forvalta?

For den som er opptatt av sikkerheit kan fagleiar informasjonssikkerheit i Linja vere draumejobben. Vi forvaltar kritisk infrastruktur, gjennom å drive, byggje og vedlikehalde straumnettet. Du får ansvar for å sikre at informasjonen i straumnettet er trygt forvalta, for kundane og for samfunnet rundt oss.

Drømmestilling for deg som kan transformatorstasjonar

Som fagansvarleg, stasjonsanlegg har du høve til å utvikle og vedlikehalde transformatorstasjonar i regionalnettet. Hos oss får du gi fagleg støtte i vedlikehaldet, vere med og lage standardar og kravspesifikasjonar for vidare utvikling og utbygging av stasjonane i regionalnettet.


Start karrieren hos oss som student eller lærling

Fire fagarbeidarar i Linja i uniform som berer utstyr.

Linja ser også etter framtidas talent! Vi tilbyr både sommarjobbar og læreplassar for studentar og lærlingar som ønskjer å utvikle seg i ein spennande bransje. I Linja får du erfaring med infrastrukturen, straumnettet, i eit miljø der

  • Sommarjobb for ingeniørstudentar: Studerer du relevante elektrofag? Vi lyser snart ut sommarjobbar som gir deg verdifull erfaring i arbeidet med straumnettet.
  • Lærlingplass i energimontørfaget: Frå hausten 2025 tek vi imot nye lærlingar. Vi gir deg høve til å lære, meistre og bidra til straumforsyninga som held samfunnet i gang.

Sjå vår karriere-side for å søke på ledige stillingar: Karriere | Linja

Vil du dele denne artikkelen?
Kontakt kundesenter
Vakttelefon 05247 (24/7)
StraumbrotskartNettleigeGravemeldingTilknyting til nettet
Linja AS
post@linja.no,
Org. nr.: 912 631 532
Se alle våre lokasjoner
PersonvernInformasjonskapsler
© 2026 Linja