Ny standard for større tilknytingssaker

Linja har no tatt i bruk Tilko, ei nasjonal teneste for handtering av større tilknytingssaker til straumnettet (over 1 MW). Tenesta blir felles for dei fleste nettselskap i Noreg og skal gi ein meir lik, open og føreseieleg prosess for kundar og aktørar med stort straumbehov. Løysinga blir no implementert hos dei fleste nettselskap i Norge.
Ein felles digital plattform
Tilko er utvikla av Elbits, i tett samarbeid med nettselskap over heile landet og regulerande styresmakter. Løysinga samlar og koordinerer informasjon om tilknytingssaker frå 1 MW på tvers av nettnivå – frå lokalt distribusjonsnett til transmisjonsnett hos Statnett.
Kundar får betre oversikt,og moglegheit til å følgje eiga sak. For nettbransjen gir Tilko ei felles plattform som gjer samarbeidet enklare, standardiserer arbeidsflytane og gir ei meir helskapeleg datagrunnlag for planlegging av kapasitet i straumnettet.
Gjeld kun større tilknytingar
Tilko gjeld bare større tilknytingar over 1 MW – typisk:
Privatkundar, småbedrifter, burettslag og hytter er normalt under 1 MW og blir ikkje berørt.
Dette blir nytt
Innføringa av Tilko gir oss:
Fordelar for kundar og samarbeidspartar
Større tilknytingssaker blir no handsama i ei felles, nasjonal løysing som gir:
Dette gjer det enklare å planleggje og utvikle prosjekt i regionen, og kan bidra til raskare framdrift for industri, næringsliv og kommunar.
Vil du vite meir?
Har du spørsmål om Tilko eller ei pågåande tilknytingssak? Ta kontakt med Sindre Nordang , sindre.nordang@linja.no.
Her finn du brukarmanual på Tilko.no
Statnett og Linja har vurdert kapasitet i nettet. Statnett aukar grensa for behandling til 5W. Vi behandlar søknader innan den grensa.