E39 Ålesundvegen delvis stengt i periodar

Gravetrase skal krysse E39 Ålesundvegen ved avkøyring mot Olsvika-Breivika i Ålesund. Periodar med delvis stengt veg i veke 47-50.

Sak oppdatert 17. november kl 14:30:

I forbindelse med gravearbeid på E39 Ålesundvegen, blir det kryssing av veg ved avkøyringa mot Olsvika–Breivika i Ålesund.

Kryssinga kan medføre kø i periodar med mykje trafikk.

Bakgrunnen for arbeidet er styrking og fornying av straumforsyninga i området. Arbeidet blir utført av Blindheim Maskin & Transport på oppdrag frå Linja.

Det vil vere periodar med delvis stengt køyrefelt, og trafikken blir dirigert. Omkøyring blir skilta.

Gravinga vi pågå i varierande grad både på dag og natt, avhengig av prosjektfase.

Asfaltering blir gjort til slutt på natt med manuell dirigering. Arbeidet startar opp mandag 17. November og vil pågå fram til og med veke 50.