Uvêr pågår og enkelte områder er utan straum. Montørar er på plass, og vi gjer det vi kan for å få straumen tilbake snarast råd. Det er meldt aukande vindstyrke utover dagen også i dag.

Linja og Mørenett blir eitt

PRESSEMELDING, 16.12.2022

Nettselskapa Linja og Mørenett har vedteke å slå seg saman, og blir dermed eitt av dei største nettselskapa i Noreg. – Vi står overfor store og viktige samfunnsoppgåver som vi er betre rusta til å løyse i fellesskap, seier selskapa.

Linja er nettselskapet til Sogn og Fjordane Energi (SFE), medan Mørenett er nettselskapet til Tafjord Kraft og Tussa Kraft på Sunnmøre. Saman har dei nærare 100 000 kundar i 18 av kommunane i regionen mellom Askvoll i sør til Ålesund i nord, og dei eig i tillegg nesten alt hovudnett frå indre Sogn til Trøndelag. Når dei no slår seg saman blir dei det fjerde største nettselskapet i Noreg målt etter nettkapital, og vil ha rundt 300 tilsette.

– Det er eitt år sidan vi bestemte oss for å utgreie om vi burde slå oss saman. Vi har brukt tida godt, involvert tilsette i ulike arbeidsgrupper gjennom heile prosessen, og vurdert nøye både moglegheiter og utfordringar. Vi er no svært trygge på at dette er ei rett løysing for begge selskapa, seier Erik Espeset, konsernsjef i TAFJORD og styreleiar i Mørenett.

Samanslåinga vil ha verknad frå 1. mars 2023, og det samanslåtte selskapet vi halde fram med namnet Linja. Dei tre eigarselskapa vil ha tilnærma lik eigardel i det nye selskapet, med 33,8% for Tafjord Kraft, 33,3% for SFE og 32,9% for Tussa Kraft. Selskapet vil ha tre likestilte forretningskontor i Florø, Ålesund og på Dragsund. Selskapet skal leiast av Rune Kiperberg, som i dag er administrerande direktør i Mørenett. Atle Isaksen, som i dag leiar Linja, blir viseadministrerande direktør.

Nettselskapa peikar på store investeringar i samband med høgare forbruk, auke i kraftproduksjon og grøn omstilling som viktige drivarar for å slå saman kreftene.

– Straumnettet er ein kritisk infrastruktur i eit moderne samfunn, der elektrifiseringa og teknologiendringar no skjer raskt. Det viktigaste for oss er å bygge denne infrastrukturen på ein berekraftig måte, med god kapasitet og god forsyningstryggleik, og til ein lågast mogleg pris for kundane. Dette meiner vi at vi klarer endå betre saman enn kvar for oss, seier Johannes Rauboti, konsernsjef i SFE.

Kundane til dei to nettselskapa vil på sikt få lik nettleige, då denne blir harmonisert over ein periode på tre år etter samanslåing.

For meir informasjon, kontakt:

Erik Espeset, konsernsjef i TAFJORD: erik.espeset@tafjord.no / 905 20 033

Johannes Rauboti, konsernsjef i SFE: johannes.rauboti@sfe.no / 916 45 264

Elling Dybdal, konsernsjef i Tussa: elling.dybdal@tussa.no / 918 52 540


Rune Kiperberg, adm. dir. Mørenett: rune.kiperberg@morenett.no / 911 85 786

Atle Isaksen, adm. dir. Linja: atle.isaksen@linja.no / 952 56 457