Straumstønad

Regjeringa har innført ei kompensasjonsordning ved høge straumprisar.

Kompensasjon ved høge straumprisar
Ordninga betyr at dersom straumprisen overstige ei viss grense, kan ein få delar av utgiftene til straum tilbakebetalt. Det er nettselskapet ditt som handterer dette gjennom faktura for nettleige.


Taket for kompensasjon er 5 000 kWh per månad, og forbruk over dette blir ikkje kompensert. Ordninga gjeld hushaldningar, ikkje fritidsbustader/hytter eller næring. Ein eventuell kompensasjon vil automatisk bli trekt frå nettleiga dersom ein kjem innanfor ordninga, og det vil kome fram på fakturaen din månaden etter.


Ingen støtte i Linja sitt område i desember


Noreg er delt i fem prisområde, og prisen i kvart område blir bestemt på straumbørsen Nordpool. Om du er innanfor ordninga med straumstønad er avhengig av kva gjennomsnittsprisen har vore i ditt prisområde den aktuelle perioden. Linja sine kundar tilhøyrar prisområde NO3. Sjølv om vi også har sett høge straumprisar her, har dei vore mykje lågare enn store delar av landet elles. I desember var gjennomsnittsprisen i NO3 59,62 øre/kWh (eks mva og nettleige). Det var altså under kompensasjonsgrensa på 70 øre/kWh, og difor var ikkje Linja sine kundar innanfor ordninga. Ingen kundar i Linja sitt nettområde (NO3) fekk straumstøtte på motteken faktura i januar (for desember forbruk). Årsaka er at gjennomsnittsprisen i NO3 ikkje var over 70 øre/kWh (eks mva).


Merk at kompensasjonsgrensa på 70 øre/kWh er eksklusiv mva, påslag frå straumleverandøren din og nettleige. Dersom du ser på fakturaen frå straumleverandøren din at du har betalt meir enn 70 øre/kWh i gjennomsnitt, sjølv om du bur i Linja sitt nettområde, kan dette skuldast t.d. at du har ei straumavtale som har hatt høgre pris enn områdeprisen (t.d. fastprisavtale).


Utrekning av kompensasjonsordning


Dersom gjennomsnittleg offisielt spotpris på kraftbørsen overstig 70 øre/kWh (eks mva) i prisområdet ditt, får du tilbakebetalt 55 % av differansen mellom prisen på kraftbørsen og 70 øre/kWh (eks mva). Frå januar til og med mars skal staten dekke 80% av straumprisen over 70 øre/kWh (eks mva) dersom den gjennomsnittlege straumprisen frå NordPool overstige dette nivået i vårt område.


Straumstønaden blir utrekna når månaden er forbi, og eventuell kompensasjon kjem som fråtrekk på faktura månaden etter. Altså blir straumstønad for januar rekna ut 1.februar. Per 20.januar er gjennomsnittleg spotpris for månaden vesentleg lågare enn kompensasjonsgrensa. Soleis vi kan anta at vi heller ikkje i januar vil bli omfatta av kompensasjonsordninga.


Kompensasjonsordninga er politisk bestemt, og du kan lese alt om ordninga på Noregs vassdrags- og energidirektorat si side her eller i lenkene til høgre.


Kompensasjonsordninga har ingen samanheng med nettleige der mva og forbruksavgift inngår. Prismodellen for nettleige og ordninga for kompensasjon er to heilt forskjellige ting og må ikkje forvekslast.