Ekstremvêret Gyda


Det er sendt ut farevarsel på raudt og oransje nivå i samband med ekstremveret Gyda som pågår.


Ekstremvêret GydaEkstremvêret «Gyda» er her, og med høgare temperaturar, massiv nedbør og sterk vind i enkelte områder kan det føre til feil i straumnettet. Linja er godt førebudd på dette, og har auka beredskapen.


Ekstremvareselet gjeld fare for flaum, jordras, snøras, flaumras, mangel på tilkomst og øydeleggingar. For Linja kan dette føre til øydelagde anlegg som t.d. straummaster og linjer. Vi kan få straumbrot der vi får lengre reparasjonstid grunna vanskeleg tilkomst.


Vi føl situasjonen tett og har tatt naudsynte grep. Har du mista straumen kan du sjå på straumkartet vårt om feilen er registrert (lenke). Har du sett noko som potensielt kan vere ein farleg situasjon, som til dømes tre som er i kontakt med linja bør du ringe vår døgnopne driftssentral på telefon 57 88 48 00.