Ny prismodell for nettleige
frå 1.juli 2022
Frå 1.juli får alle kundar i Noreg ein ny prismodell for nettleige. Målet er å flytte noko av straumforbruken utover døgnet. Klarer ein det, kan kundane spare pengar og presset på straumnettet blir mindre.
Til sist vil det løne seg for kundane og samfunnet elles at vi unngår utbyggingar kun for å skalere for dei travlaste timane. I tillegg til samfunnsøkonomiske fordelar, skånar ein også naturen og klimaet.
Spørsmål og svar om den nye ordninga
Endringa inneber at faktura vil vere todelt, i tillegg til avgifter:
- Kapasitetsleddet - eit beløp per månad etter kor mykje straum du brukar på same tid.
- Energileddet - eit beløp per kilowattime, avhengig av når på døgnet du brukar straumen
Kapasitetsleddet blir bestemt ut fra kor mykje straum du brukar på same tid. For å halde seg på eit lågast mogleg ledd, kan du jamne ut straumbruken utover døgnet i staden for å bruke mykje straum på same tid. Til dømes vil det løne seg å ikkje vaske kle, lage middag og lade elbil på same tid.
For å rekne ut kapasitetsleddet er det laga ein trappetrinnmodell. Snittet av dei tre timane med høgast forbruk, på tre ulike dagar i førre månad vil avgjere kva trinn du blir fakturert for.
Engergileddet blir bestemt av kor mykje straum du brukar totalt (antal kilowattimar), og når du brukar straumen. Du betalar mindre per kilowattime om natta enn på dagtid.
Den nye nettleiga påvikrar ikkje nettselskapet sine inntekter - dei blir bestemt av styresmaktene. Den nye modellen gir deg derimot høve til å spare pengar ved å bruke straumen smartare.
For privatkundar vil den nye nettleiga bestå av to delar:
Kapasitetsleddet - eit beløp per månad berekna etter kor mykje straum du har brukt på same tid. Snittet av dei tre timane du har brukt mest straum siste månad, på tre forskjellige dagar vil avgjere kva ledd du blir fakturert for.
Energileddet - eit beløp per kilowattime, som blir berekna ut i frå når på døgnet du har brukt straumen.
Straumkundar med eit årleg forbruk over 100.000 kWh kallast storbrukarar, og er ofte næringskundar. Det kan også vere landbruk, sagbruk eller andre med spesielt høgt forbruk. Desse har ein annan prismodell.
- Unngå å vaske klede, lage middag og lade elbil på same tid.
- Elbil kan trygt lade om natta, så lenge du brukar godkjend ladekontakt.
- Straumprisen er også gjerne rimeligare utanfor tidspunkt da mange er heime (morgon og ettermiddag).
- Logg deg inn å Mi side og sjå det historiske forbruket ditt. Der kan du sjå forbruksmønteret ditt, og du kan tenke gjennom kva endringar du kan gjere for å unngå dei høgste forbrukstoppane dine.
- Vurder smarthus teknologi, slik at du kan styre oppvarming, varmtvannsbereder og andre apparat som brukar mykje kapasitet i straumnettet
- Husk at branntryggleik kjem først, du bør ikkje bruke vaskemaskin eller tørketrommel når du søv eller ikkje er heime.
Den nye nettleiga påverkar ikkje nettselskapet sine inntekter - dei blir bestemt av styresmaktene. Den nye modellen gir deg derimot høve til å spare pengar ved å bruke straumen smartare
Mange kundar lurer på korleis den nye ordninga vil slå ut samanlikna med eit forbruk likt som i dag. Ingen kundar er heilt like, men typisk ser vi at:
- Privatkundar med eit forbruk på om lag 10 000 kWh per år ligg an til å få ein reduksjon på nettleiga på om lag 5%.
- Hushaldningar med om lag 20 000 kWh får omtrent uendra nettleige.
- Privatkundar med større hus og eit høgt forbruk på 30 000 kWh kan få en auke i nettleige på rundt 2-3% ved same forbruksmønster som i dag.
- Desse tala er kun basert på nettleiga, utan avgifter til staten.
Gjennom å jamne ut straumforbruket, kan privatkundar redusere nettleiga i høve døma.
Storkundar med forbruk over 100.000 kWh har eigen prismodell. Les meir om dette her.
På Linja si «Mi side» vil det kome ein oversikt som syner kor mykje straum du har brukt per time bakover i tid.
Dersom du ønskjer å følgje med i sanntid, kan du med enkelt utstyr kople deg til HAN-porten på straummålaren din. Skaffar du deg slikt utstyr, må du opne HAN porten din via innlogging på Mi side. Oversikt over forbruket er kun mogleg å få for dei som har automatisk straummålar (AMS), som er installert i dei aller fleste hus.
Mange har også straumavtaler med straumleverandør som tilbyr ein viss oversikt over straumforbruket sitt gjennom døgnet. Dette kan vere ein nyttig måte å følgje med om en klarer å halde seg på eit nivå ein er komfortabel med.
Den nye nettleiga vil påverke i forskjellig grad etter storleik på huset, vanar, om ein har elbil mm. Generelt er det slik at dei med leiligheiter eller små bustader og lavt forbruk vil betale ein mindre andel enn i dag. Medan dei med større bustader og ein eller fleire elbilar vil betale i større grad.
Alle vil likevel kunne tilpasse forbruket sitt og dermed redusere nettleiga – ved ein liten eigeninnsats. Hovudmålsetninga med den nye nettleiga er at dei aller fleste skal tenke igjennom, og tilpasse forbruket sitt på ein meir samfunnsnyttig måte. Slik kan vi saman spare kapasitet, pengar og miljøet.
Ved å utnytte eksisterande straumnett betre før vi byggjer ut nye kraftlinjer, kan nettselskapa spare store kostnader og dermed halde nettleiga lågast mogleg. Bare ved å flytte lading av elbilar til natta, kan vi spare 11 milliarder kroner i nettinvesteringar, iflg Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).