Nettleigeprisar

Alle som har straumtilførsel til bustaden sin eller til eit lokale må betale nettleige. Prisen vert fastsett kvart år av myndigheitene.

Alle som har straumtilførsel til bustaden sin eller til eit lokale må betale nettleige. Nettleiga du betalar skal dekkje dei kostnadene Linja har med å transportere straumen sikkert fram til deg.


Nettleiga består av ein del som skal dekkje nettselskapa sine drifts- og utbyggingskostnader, i tillegg kjem avgifter som vi krev inn på vegne av staten (utgjer om lag 40%).


Det er styresmaktene, representert ved NVE (Noregs Vassdrags- og energidirektorat), som kontrollerer og regulerer kor høg nettleiga kan vere i dei enkelte områda av landet.


Justering av tariffane til Linja frå 1. april.
Grunna lågare kostnadar enn forventa og høgare forbruk vil Linja justere ned tariffane til sluttbrukarar frå 1. april. For ein sluttkunde med normalforbruk vil nedgang i tariff til Linja være kring 4,3 øre/kWh.


I tillegg til nettleige er nettselskapa pålagt å krevje inn forbruksavgift på elektrisk forbruk for staten. Staten har bestemt at grunna høge straumprisar skal forbruksavgifta i perioden 1. januar til 31. mars vere redusert. Gjeldande informasjon frå Staten er at frå 1. april skal forbruksavgifta igjen settast opp til normalt nivå.


Sjå gjeldande nettleige frå 1. april 2022 under.


Nettleige 2022

NETTLEIGE, ENERGIAVREKNA, LITA NÆRING 2022:


  • Energiledd: 23,72 øre/kWh
  • Fastledd: 2 400,- kr/år
  • Forbruksavgift januar-mars: 8,91 øre/kWh*
  • Forbruksavgift april-desember: 15,41 øre/kWh
  • Enova avgift: 800 kr/år

Kunden sin næringskode avgjer type forbruksavgift. Det er tre ulike nivå.


  • Nivå 1 - full forbruksavgift
  • Nivå 2 - forbruksavgift etter redusert sats
  • Nivå 3 - ingen forbruksavgift


NÆRING MED EFFEKTAVREKNING:


  • Fastledd: 13 200 kr/år
  • Forbruksavgift januar-mars: 8,91 øre/kWh*
  • Forbruksavgift april-desember: 15,41 øre/kWh
  • Redusert forbruksavgift: 0,546 øre/kWh
  • Enova avgift: 800 kr/år


Effektledd sikringsstorleik >125A 230V:


  • Fastledd: 13 200 kr/år
  • Effektledd 0-300: 53 kr/kW/mnd (*sommar) 57 kr/kW/mnd (vinter)
  • Effektledd over 300: 48 kr/kW/mnd (*sommar) 53 kr/kW/mnd (vinter)


Energiledd sikringsstorleik >125A 230V


  • Energiledd >100.000 kWh: 6,4 øre/kWh (*sommar, dag). 5,40 øre/kWh (sommar, natt/helg). 7,40 øre/kWh (vinter, dag). 6,40 øre/kWh (vinter, natt/helg).

(Sommar er april til og med september. Dag er 06.00-22.00 på kvardagar)


Avgift til Enova: 800kr/år


Reaktiv effekt (gjeld kundar med effekt uttak større enn 150 kW og effektfaktor mindre enn 0,9): 18,8 kr/kW/mnd *Regjeringa har vedtatt at grunna høge straumprisar, skal det vere redusert forbruksavgift dei tre første månadane i 2022.


HØGSPENNINGS-TARIFF:


Fastledd sikringsstorleik >125A 230V: 13.200 kr/år


Høgspennings-tariff 22% rabatt på effektledd


  • Effektledd 0-300: Sommar 41,3 kr/kW/mnd. Vinter 44,5 kr/KW/mnd.
  • Effektledd over 300: Sommar 37,4 kr/kW/mnd. Vinter 41,3 kr/KW/mnd.


Energiledd >100.000 kWh:


  • Sommar, dag 6,40 øre/kWh
  • Sommar, natt/helg: 5,40 øre/kWh
  • Vinter, dag: 7,40 øre/kWh
  • Vinter, natt/helg: 6,40 øre/kWh


(Sommar er april til og med september. Dag er 06.00-22.00 på kvardagar)



UTKOPLBAR TARIFF


Fastledd sikringsstorleik >125A 230V: 13.200 kr/år


Utkoplbar tariff 50% rabatt på effektledd


  • Effektledd 0-300: 26,5 kr/kW/mnd (sommar). 28,5 kr/kW/mnd (vinter).
  • Effektledd over 300: 24,0 kr/kW/mnd (sommar). 26,5 kr/kW/mnd (vinter).

Energiledd >100.000 kWh:


  • Sommar, dag 6,40 øre/kWh
  • Sommar, natt/helg: 5,40 øre/kWh
  • Vinter, dag: 7,40 øre/kWh
  • Vinter, natt/helg: 6,40 øre/kWh


(Sommar er april til og med september. Dag er 06.00-22.00 på kvardagar)