Forbruk og sparing

Smart straumbruk løner seg

For å få god oversikt over forbruket ditt, anbefaler vi at du brukar "Mi side". Der ser du kor mykje straum du har brukt, du kan få oversikt på dag eller ned på kvar enkelt time. Vil du ha sanntidsoversikt, må du opne HAN-porten på straummåleren og koble den opp mot smarthustenester.

Gjennomsnittleg forbruk for ein einebustad ligg på ca. 25 000 kWh i året. Om du brukar mykje eller lite straum, vil avhenge av mange faktorar som til dømes kor mange som bur i husstanden, om du har elbil og kva som er hovudkjelda di for oppvarming.

I følge Statistisk sentralbyrå fordeler straumbruken seg slik:

  • Oppvarming 60%
  • Varmtvatn 15-20%
  • Elektriske ting i heimen 15 %
  • Lys 10%

Skal du redusere forbruket ditt, er det enklast å starte med oppvarming og varmtvatn. Senkar du innetemperaturen med 1 grad, sparer du 5% av straumen du brukar på oppvarming. Bur du i eit eldre hus, kan det vere lurt å sjå på tiltak som etterisolering, utskifting av gamle vindauge og andre ENØK-tiltak.

På varmevatn er det pengar å spare på å dusje kortare, installere sparedusj og ved å sjå på varmtvasstanken. FHI anbefaler at den står på 70 grader for å hindre legionella-bakteriar.

Fleire smarthus-løysingar støttar makseffekt-styring, med automatisk regulering av smarte termostatar og elbil-lading for å sørge for at ein held seg innanfor gitte grenseverdiar.