Mørenett og Linja fusjonert

Eit av landets største nettselskap

Med felles satsing er vi endå betre rusta til å levere gode og effektive tenester til kundane, og ikkje minst bidra til samfunnsutviklinga i regionen vår.

Med rundt 100 000 nettkundar frå Giske i nord til Askvoll i sør, blir vi eit av dei største nettselskapa i Noreg. Våre 320 tilsette jobbar kvar dag for å sikre eit stabilt straumnett, med god kapasitet, til ein lågast mogleg pris for kundane.

Kvifor slår vi oss saman?

Straumnettet er ein kritisk infrastruktur i eit moderne samfunn. Elektrifiseringa skjer raskt, med høgare forbruk og auka kraftproduksjon. Samstundes skal vi halde fram med å sikre god beredskap når krevjande situasjonar oppstår. Dette krev store investeringar som vi er betre rusta til å gjennomføre saman enn kvar for oss.

Ei samanslåing betyr også større og endå meir attraktive kompetansemiljø. Det blir ikkje minst viktig i møte med dei moglegheitene som ligg i dei store teknologiske endringane i samfunnet. Dette ønskjer vi du som kunde skal oppleve som verdifullt i åra som kjem.

Kva betyr dette for deg som kunde?

Dei som har vore kundar av Mørenett vil sjå at Linja-logoen etter kvart dukkar opp på fakturaer, bilar, bygg med meir. Utover dette vil nok ikkje kundane merke så store endringar på kort sikt.

Samordning av nettleiga vil skje i løpet av tre år. Samanslåinga vil gi eit endå meir effektivt nettselskap, noko som vil bety ei lågare nettleige på sikt enn om selskapa skulle halde fram kvar for seg.

Vi er stolte over å kunne bidra til å skape attraktive samfunn og næringsliv på Nordvestlandet. Dette vil framleis vere den viktigaste rettesnora på vegen vidare som eitt, felles nettselskap.

For meir informasjon, kontakt:

Rune Kiperberg, administrerande direktør: rune.kiperberg@morenett.no / 911 85 786

Atle Isaksen, viseadministrerande direktør: atle.isaksen@linja.no / 952 56 457