NorgesEnergi sluttar med gjennomfakturering

Endring trer i kraft på faktura 1.juli 2022

Dersom du er kunde hos NorgesEnergi vil du frå 1.juli 2022 motta to separate fakturaer.


Kva vil dette bety for meg?


Gjennomfakturering går ut på at det er straumleverandøren som fakuturerer deg for straumforbruk og nettleige på ein og same faktura.


Ved å ikkje ha gjennomfakturering, vil kundane til NorgesEnergi motta to fakturaer. Ein frå dei som er straumforbruket med tilhøyrande avgifter. Den andre frå Linja som er nettleige med tilhøyrande avgifter. Dette medfører ikkje ekstra kostnader frå Linja si side, men kan bety at du får faktura i posten.


Ønskjer du eFaktura?


Dersom du har registrert deg med "ja takk til alle" i nettbanken, vil du få eFaktura på nettleige frå Linja. Du finn informasjon om dette i nettbanken din, eller på eFaktura.no Dersom du ikkje har aktivert dette, får du faktura i posten.


Kontakt oss gjerne om:


  • Ønskje om å få nettleigefaktura på e-post
  • Utsetje betaling på nettleige faktura
  • Fakturakopi. Det finn di på Mi side.
  • Endre kontonummer for utbetaling frå Linja AS