Uvêr pågår og enkelte områder er utan straum. Montørar er på plass, og vi gjer det vi kan for å få straumen tilbake snarast råd. Det er meldt aukande vindstyrke utover dagen også i dag.

Straumstønad

Straumstønad i Linja

Regjeringa sin straumstønad for høge straumprisar skal kompensere for høge straumprisar. Ordninga betyr at kunden får tilbakebetalt delar av straumutgiftene sine. Det vil seie 90 prosent per månad av det som overstiger 70 øre per kWt.


Ordninga har til no vore lite aktuelt for kundar i Linja sitt nettområde, sida snittprisen her vi bur har vore langt lågare enn på sør og aust-landet. I haust har prisnivået lagt noko høgre, og kundane fekk straumstønad for september forbruket. Prisnivået for oktober var for lågt til at det utløyste straumstønad for oktober forbruket i NO3.


Det er nettselskapet som handterer kompensasjonen. Dei månadane ein har krav på straumstønad, blir det automatisk trekt frå på faktura for nettleige.


Kven har rett på straumstønad

Alle hushaldningar har rett på straumstønad. Ordninga gjeld for forbruk opp til 5000kWt per månad Det er svært få som brukar meir straum over dette. Ordninga gjeld ikkje hytter eller fritidsbustader.


Nettselskapet handterer ordninga

Det er nettselskapet som handterer ordninga, og kompensasjonen kjem på faktura for nettleige. Linja kjenner forbruket ditt, og reknar ut tilbakebetalinga di basert på dette.


Nord Pool opplyser om snittprisen for ditt prisområde for den gjeldande månaden, og dette avgjer kor mykje stønad du får. Det er ikkje din personlege snittpris. Uavhengig av kva straumavtale eller straumleverandør du har, er det snittprisen for heile månaden for ditt prisområde som avgjer om det blir stønad for ditt prisområde, og kor mykje det blir. Dersom to hushaldningar har forskjellig straumavtale, vil ein likevel få igjen like mykje kompensasjon dersom dei har likt forbruk og bur i same område.



Prisområder

Noreg er delt opp i fem ulike prisområder for straum. Det er sør, aust, vest, midt og nord. Linja sitt nettområde høyrer til midt, NO3.


Det er Reguleringsmyndigheten for energi i NVE (REM) som publiserer snitt områdepris og stønadssatsar for kvart prisområde i Noreg. Kartet over prisområder på Noregs vassdrags- og energidirektorat syner korleis Noreg er delt opp, og viser godt prisforskjellane.


Straumstønad for forbruk i september

Reguleringsmyndigheita for energi i Noregs vassdrags- og energidirektorat legg ut stønadssatsane for kvar månad. For september var satsen for Linja sitt område (NO3) 5,29 øre/kWh. For oktober var satsen 0 øre/kWh.

September gav straumstønad

Mange lurer på kor mykje straumstønaden utgjer. Det vil variere frå månad til månad, og kva forbruk ein har. Her er døme på to typiske kundeforhold, og straumstønaden ein fekk i september. Ei lita leilegheit med lågt forbruk, og ein større einebustad med høgt forbruk.

  • Leiligheit – årsforbruk 15 000 kWt
    Forbruk per mnd 1300kWt
    Gjennomsnittleg mnd spotpris september 75,29
    Straumstønad utgjer kr 68,77.
  • Einebustad – årsforbruk 30 000 kWt
    Forbruk per mnd 2500kWt
    Gjennomsnittleg mnd spotpris september 75,29
    Straumstønad utgjer kr 132,25.

Treng eg gjere noko?

Du treng ikkje å gjere noko. Dersom prisnivået i ditt område utløyser krav på straumstønad, blir det automatisk trekt frå nettleiga.

Ta kontakt med oss i Linja om du har spørsmål.