Leveringsplikt

Leveringsplikt er ei mellombels løysing.

Har du flytta, men ikkje oppretta ein ny straumavtale på den nye adressa med ein straumleverandør? Du vil framleis få straum til bustaden din, men levert av nettselskapet.


Leveringspliktig straum er meint som ei mellombels løysing, fram til du får oppretta ei straumavtale. Inntil du har valt deg ein straumleverandør er nettselskapet pliktig til å levere straum på dyrare vilkår enn normalt. Nettselskapa er pålagd såkalla leveringsplikt for å sikre at kundane ikkje skal miste straumen ved flytting, når straumleverandøren ikkje lenger kan levere straum, (t. d. ved konkurs), eller når kunden ikkje betalar straumrekninga og straumleverandøren av den grunn avsluttar leveransen.


Nettselskapet Linja er dei som eig, driftar og held ved like kablar og linjer som sørgjer for at du får straum inn til bustaden. Sjølve straumavtala teikna du med ein straumleverandør.


Forskjellen på nettselskap og straumleverandør:


  • Du betaler nettselskapet (monopolregulert) for å kunne ha straum i utgangspunktet
  • Du kjøper straumen frå straumleverandøren (konkurranseutsett)

Dersom du ikkje teiknar ei ny straymavtale med straumleverandøren, er altså nettselskapet pliktig til å forsyne deg med straum inntil du inngår ei straumavtale.


Leveringsplikt - prisar


  • Frå 0 til 6 veker: Gjennomsnittleg marknadspris (spotpris) + 6,25 øre/kWh inkl. mva i påslag
  • Etter 6 veker: Gjennomstnittleg marknadspris (spotpris) + 10 øre/kWh inkl. mva i påslag

Kva bør du gjere dersom du har leveringspliktig straum?


Vi anbefaler deg at du tar kontakt med ein valfri straumleverandør for å bestille den straumavtala som passar deg best. Det fins mange leverandørar, og enda fleire typar avtaler.


Det er lett å finne og samanlikne ulike straumlevearandører og avtaler på Forbrukerrådet sin strømpris.no