Alt om nettleige

Det kan vere vanskeleg å forstå kva fakturaen på nettleiga består av eller kva ein faktisk betalar for.

Kva er nettleige?

Nettleiga du betalar skal dekke dei kostnadene nettselskapet har med å transportere straumen trygt fram til deg. I tillegg til å dekke Linja sine drifts- og utbyggingskostnader, går halvparten av nettleiga til staten i form av avgifter. Det vil seie forbruksavgift til staten, Enova-avgift, moms og til å dekke Statnett sine kostnader i sentralnettet.

Det er myndigheitene, ved Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), som regulerer kor høg nettleiga kan vere i dei enkelte områda av landet.

Sogn og Fjordane er ein region med stort areal fordelt på relativt få innbyggjarar og bedrifter, og med ein omfattande eksisterande og planlagd kraftproduksjon. Dette fører til at kostnadene med å levere straum til kvar enkelt er høgare enn landsgjennomsnittet. Linja er ein aktiv pådrivar for ei meir lik nettleige i heile Noreg. Vi meiner det ikkje er rettferdig at vi som bur i distrikta skal betale ei mykje høgare nettleige enn dei som bur i sentrale strøk. Vi held difor fram med å jobbe aktivt opp i mot styresmaktene med mål om å endre prismodellen for nettleiga.

Kva er forskjellen på straum og nettleige?

Alle straumkundar betalar for både straumforbruk og nettleige. Men kva er forskjellen?

Nettleiga er det du må betale for å få tilgang på straum, altså det du betalar for å få transportert straumen til bustaden din. Nettleiga betalar du til det lokale nettselskapet ditt, som t.d. Linja AS. Netteigar er ansvarleg for byggjing, drift og vedlikehald av nettet og AMS-målaren i huset ditt. Vi sørgjer for at straumforsyninga er stabil og trygg. Nettleiga dekker kostnadene for alt dette.

På nettleiga er det også offentlege avgifter, som el-avgift, Enova avgift og moms. El-avgifta blir vedtatt kvart år i statsbudsjettet.

Straumforbruket betalar du til straumleverandøren din. Det er basert på kor mange kilowatttimar (kWh) du brukar. Straumleverandøren din kjøper straum på NordPool og sel den vidare til kundane sine. Pris per kWh blir bestemt av prisane på straumbørsen, kor mykje straum du brukar og kva straumavtale du har.

Bestille eller sei opp straum og nettleige?

Dersom du skal flytte, er det viktig at du seier opp straum og nettleige der du skal flytte frå, og hugse å bestille nye avtaler i den nye bustaden din.

Dersom du ikkje seier opp avtala når du flyttar kan du risikere å måtte betale for straumen etter at du har flytta ut.

Dersom du ikkje bestiller nye avtaler (nettleige og straumavtale) kan du anten risikere at straumen blir stengd grunna manglande kundeforhold. Det kan også hende du får leveringspliktig straum, som er dyrare enn ei avtale med ein straumleverandør som du vel sjølv.

Ta kontakt med oss om du vil seie opp eller registrere kundeforhold for nettleige.

Faktura

Straumrekninga di består gjerne av både nettleige og straumforbruk på ein og same faktura. Straumleverandøren din krev inn betalinga, men betalar den vidare til nettselskapet. Dette for at det skal vere enklare for deg som kunde når alt er på ein faktura.

Har du fleire spørsmål om fakturaen du har mottatt for nettleige? Eller er du kanskje usikker på om det er Linja eller straumleverandøren din som skal hjelpe deg?

Korleis du mottar nettleigefaktura er avhengig av kva straumleverandør du har. Dei fleste straumleverandørar har ei avtale om gjennomfakturering, som betyr at du mottar ein samla faktura frå straumleverandøren din for straumforbruk og nettleige.

Dersom du mottar ein samla faktura for straumforbruk og nettleige frå straumleverandøren din, kan du ta kontakt med straumleverandøren din for spørsmål om:

  • Endring av fakturaadresse
  • Oppretting av eFaktura eller AvtaleGiro. Dette kan også banken din hjelpe deg med
  • Utsetje betaling eller få betalingsavtale
  • Kopi av faktura
  • Innbetalingsinformasjon, som t.d. kontonummer, KID-nummer, beløp og forfallsdato
  • Endring av straumavtale

Dersom du mottar ein separat faktura for nettleige frå Linja, i tillegg til fakturaen frå straumleverandøren din og lurer på følgjande, kan du ta kontakt med oss:

  • Ønskje om å få faktura på e-post
  • Oppretting av eFaktura eller AvtaleGiro (banken din kan også hjelpe deg med dette). eFaktura-referansen finn du på fakturaen din
  • Utsetje betaling eller få betalingsavtale
  • Fakturakopi kan du finne på Mi side, der finn du også innbetalingsinformasjon
  • Hjelp med innlogging til Mi side

Dersom du ønskjer å endre fakturaadresse, men har ein straumleverandør må du ta kontakt med straumleverandøren din sjølv om du mottar faktura direkte fra Linja. Når straumleverandøren din oppdaterer faktura adresse vil også Linja få rett adresse.

Stenging av straumen
Nettselskap har høve til å stenge av straumen din i enkelte tilfeller. Det må til dømes vere vesentleg betalingsmisleghald for at det skal vere aktuelt. Kunden har i forkant krav på skrifteleg varsel til faktura adresse, samt å bli varsla personleg. Stengingsvarselet kan bli sendt i same brev som purring/inkassovarsel, jf inkassoloven §9.

Stengingsvarsel skal innehalde

  • Informasjon om at ein kan unngå stenging ved å betale kravet innan 4 veker etter dato på varselet
  • Oppmoding om å kontakte netteigar snarast dersom stenging kan føre til fare for liv, helse og vesentleg tingskade
  • Oppmoding om å kontakte nettiegar dersom du er ueinig i grunnlaget for stenging, ønskjer betalingsavtale eller liknande
  • Informasjon om gebyr og dekking av kostnader ved stenging/gjenopning
  • Informasjon om at du kan kontakte sosialteneste/NAV for å avklare om du har rett på økonomisk stønad

Gebyr ved stenging

  • 210,- jfr. Forskrift om lov om inkasso § 1-2
  • 2000,- stengegebyr

Stenging må midlertidig utsettast dersom det er fare for liv, helse eller vesentleg tingskade ved stenging, som ikkje er openbart grunnlaust. Det kan til dømes vere aktuelt ved sterk kulde. Dersom slike omsyn må takast må du ta kontakt med netteigar når du har fått varsel om stenging. Kunden er pliktig å dokumentere at slike omsyn må takast.

Stenging må også midlertidig utsetjast dersom du er ueinig i grunnlaget for stenginga, som ikkje er openbart grunnlaust. I so fall bør kunden kontakte netteigar snarast. Dersom netteigar stenger straumen utan å følgje vilkår og prosedyrer for stenging, kan ikkje netteigar krevje kostnadene dekka av kunden.

Les meir om dine rettigheiter ved stengevarsel på Forbrukerrådet.