Tips og råd

Her finn du informasjon om trygg bruk av elektrisitet

  • Bruk ikkje lause lampar og frittståande varmeomnar på barnerom eller i rom der det er lause dyr
  • Tørk ikkje kle på elektriske omnar
  • Lad ikkje mobil/nettbrett/PC om natta
  • Slå av kokeplater etter bruk, bruk tidsbrytar for ekstra tryggleik
  • Be elektrikaren din om å installere komfyrvakt
  • Ha rikeleg med stikkontaktar i bustaden din. Lause dobbelkontaktar og andre provisoriske løysingar gjev dårleg tryggleik.
  • Bruk aldri sterkare lyspærer enn maks styrke som står på lampa
  • Trekk ut støpselet på termostatstyrte elektriske apprat som ikkje er i bruk
  • Alt arbeid med elektriske anlegg skal gjerast av autoriserte fagfolk
  • Er sikringar, koplingsboksar, støpsel eller brytarar unormalt varme, kan det tyde på overbelasting. Ta då kontakt med ein elektrikar.
  • Gamal elektrisk utstyr kan vere brannfarleg og bør kastast
  • Ved kjøp av elbil, monter ladeboks

Fleire tips til trygg bruk av elektrisitet kan du lese på heimesidene til DSB (Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap).

Har du spørsmål til Eviny Elsikkerhet vedrørande den praktiske gjennomføringa av varsla tilsyn er det fint om du oppgir saksnummeret ved kontakt til e-post: elsikkerhet@eviny.no eller telefon: 55 12 95 00