Lokalt eltilsyn

DLE står for Det lokale elektrisistetstilsyn, og er eit ansvar nettselskapet i ditt område er pålagt å ha. Det er ein del av det offentlege tilsynsapparatet for elsikkerhet. DLE er lovpålagt med heimel i El-tilsynsloven og Forskrift om det lokale elektrisitetstilsyn å utføre stikkprøve kontrollar og tilsyn i regi av Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB).

Kva oppgåver har DLE

  • Gje råd om bruk og vedlikehald av elektrisk anlegg og utstyr, og informere om årsaker til brann og ulykker forårsaka av elektrisk straum.
  • Ta stikkprøvekontrollar avelektrisk anlegg og utstyr i bustadar og andre bygningar.
  • Kontrollere at verksemder som omset elektrisk utstyr, gjer dette i samsvar med lover og forskrifter, og at utstyret dei tilbyr har ei akseptabelt tryggleiksnivå.
  • Kontrollere at installatørar som monterer anlegg, har nødvendig kompetanse og rutinar til å utføre dette på ein trygg måte.
  • Informere alle typar verksemder om nødvendigheita av å ta eltryggleik med i sine interne kontroll rutinar. Dette for å sikre at tryggleiken for dei tilsette og redusere faren for materielle skadar.
  • Kontrollere og følgje opp alle institusjonar og verksemder som nyttar elektromedisinsk utstyr i sitt daglege virke. Med det blir tryggleiken betre for både pasientar og pleiepersonell.
  • Bistå politiet ved brann- og ulykkesforsking.
  • Informasjonsarbeid om eltryggleik i skulane.

Kven har ansvar?

Huseigar har sjølv ansvar for at det elektriske anlegget og det elektriske utstyret i huset til ei kvar tid er i forskriftsmessig stand og at det vert brukt på rett måte. Nettleverandør er ansvarleg for tryggleiken fram til huset, medan alt innom husveggane er huseigar sitt ansvar.

DLE gjennomfører årleg ei rekkje kontrollar av elanlegg i bustadar, og alle bustader vert kontrollert om lag kvart tjuande år. Huseigar blir kontakta når det er tid for kontroll.

Det er ein stor fordel at huseigar deltek under kontroll. På denne måten får ein snakka om eventuelle påviste feil og kva som krevst av utbetringar.