El kontroll bustad

Elektrisk kontroll i private bustader

DLE gjennomfører årleg ei rekkje kontrollar av elanlegg i bustadar. Eviny Elsikkerhet utfører mange av desse kontrollane på vegne av DLE og alle bustadar vert kontrollert om lag kvart tjuande år. Huseigar blir kontakta når det er tid for kontroll.

Det er ein stor fordel at kunden deltek under kontrollen. På denne måten får ein snakka om det som eventuelt blir påvist av feil, og kva som krevst av utbetringar.

På kontrollen vil kontrollør "følgje" straumen frå inntaket, gjennom sikringsskapet og kursane frem til tilkopla apparat og utstyr.

Har du spørsmål til Eviny Elsikkerhet vedrørande den praktiske gjennomføringa av varsla tilsyn er det fint om du oppgir saksnummeret ved kontakt til e-post: elsikkerhet@eviny.no eller telefon: 55 12 95 00