Ny bustad

Skal du byggje nytt og treng straum? Les meir om kva vi kan hjelpe deg med, og gjer deg kjent med kva plikter du har.

Når du skal bygge hus eller hytte er det fleire ting som er viktig å hugse på. Her finn du informasjon som kan vere til hjelp i byggeprosessen.

Tilknyting av bustad, hytte eller behov for meir straum

Ta kontakt med oss i god tid dersom du planlegger å bygge hus eller hytte, ønskjer å utreie tilgjengeleg kapasitet i straumnettet til dine planar eller om du har behov for meir straum til eksisterande anlegg. Det er viktig at vi får naudsynt informasjon om kva du treng tidleg, ettersom det kan ta tid å forsterke straumnettet dersom det ikkje er nok kapasitet i eksisterande nett.

Byggestraum

Dersom du skal bygge nytt, treng du straum tidleg i prosessen og ei slik provisorisk straumtilkopling er kallar vi byggestraum. Byggestraumskap får du leige med elektroinstallatør som bestiller og ordner med måler, straumuttak, fakturering og kontakt med Linja.

Graving

For å unngå skadar på kablar og røyr som ligg i bakken, skal alle sende gravemelding før ein gjer gravearbeid på eigendomen sin.

Linja kan gjere kabelsøk for å lokalisere kablar i bakken. Kabelpåvisning er i utgangspunktet gratis og skjer innan fem virkedagar frå bestilling. Dersom du ønskjer arbeidet utført på kortare tid, kostar dette 600,- Dersom kablar , røyr og anna utstyr vert skada under graving vert graveansvarleg belasta for kostnader med reparasjonar.

Linja skal varslast dersom du planlegg arbeid med anleggsmaskinger innan 30 meter frå ei høgspentlinje.

Flytting av kabel

Skal du koble fra eller flytte straumkabel kan du kontakte oss så hjelper vi deg med dette. Det er greit å vere merksam på at det vil tilkome ein kostnad knytt til dette.

Tilkopling og anleggsbidrag

Det er installatør eller utbygger som søkjer om dette hos nettselskapet. Det er viktig at det blir oppretta kontakt med oss så tidleg som mogleg. For nokre byggeprosjekt kan det vere at det ikkje fins eksisterande straumnett i nærleiken, eller at det ikkje er tilstrekkeleg kapasitet i området. Då må straumnettet oppgraderast. I slike tilfeller vil det være kunden som må betale heile eller delar av ein slik kostnad (anleggsbidrag). Det er difor viktig at installatør har gjort desse undersøkingane før graving og bygging startar.