Byggestraum

Byggestraum er ei provisorisk løysing for uttak av straum i ein bygge- eller anleggsperiode, eller ved arrangement.


Linja AS leverer midlertidig straumforsyning til anleggsarbeid på lik linje med straumforsyning til for eksempel ei hytte. Dersom du treng byggestraum kontaktar du ein autorisert elektroinstallatør som handterer tilkoblinga mot Linja AS. Byggestraumskap leiger du av installatøren eller andre som leiger ut slike.


Byggestraum skal målast og avreknast. Linja fakturerer tilkobling og fråkobling etter medgått tid / kostnad og etablerer straumabonnement tilknytta byggestraumskapet.